Forskrift om bandtvang for hund, Skodje kommune, Møre og Romsdal

DatoFOR-2007-12-11-1827
PublisertII 2008 hefte 4
Ikrafttredelse09.10.2008
Sist endret
Endrer
Gjelder forSkodje kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-2003-07-04-74-§6
Kunngjort09.10.2008   kl. 15.30
KorttittelForskrift om bandtvang for hund, Skodje

Heimel: Fastsett av Skodje kommunestyre 11. desember 2007 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundeloven) § 6.

§ 1.Eigar eller innehavar av hund i Skodje kommune pliktar å halde hunden i band eller forsvarleg innestengd eller innegjerda frå og med 1. april til og med 31. oktober.
§ 2.Bandtvangen i § 1 gjeld likevel ikkje for:
a)Hund til bruk under lovleg jakt, jakthundtrening og jaktprøvar.
b)Dresserte gjetarhundar når de vert nytta til å drive eller vakte over husdyr.
c)Hund i aktiv politi-, toll-, militær- og redningsteneste eller under trening eller prøving for slik teneste.
d)Hund i aktiv bruk som ettersøkshund etter såra eller sjukt vilt.
§ 3.Hundar har ikkje adgang til kommunen sine kyrkjegardar. Dette gjeld likevel ikkje førarhund i teneste.
§ 4.Hundeeigar som forsettleg eller uaktsomt ikkje held reglane i denne forskrift, vert å straffe etter hundelova § 28.
§ 5.Denne forskrift gjeld frå kunngjeringsdato i Norsk Lovtidend.