Forskrift om bandtvang for hund, Samnanger kommune, Hordaland

DatoFOR-2008-02-21-205
PublisertII 2008 hefte 1
Ikrafttredelse21.02.2008
Sist endret
Endrer
Gjelder forSamnanger kommune, Hordaland
HjemmelLOV-2003-07-04-74-§6, LOV-2003-07-04-74-§9, LOV-2003-07-04-74-§11, LOV-2003-07-04-74-§28
Kunngjort06.03.2008   kl. 14.20
KorttittelForskrift om bandtvang for hund, Samnanger

Heimel: Fastsett av Samnanger kommunestyre 21. februar 2008 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundeloven) § 6, § 9, § 11 og § 28.

§ 1.Bandtvang

I Samnanger skal hundar haldast i band heile året på følgjande stader:

-I og i tilknyting til bustadområde og handleområde
-Ved offentlege badeplassar
-Ved drikkevasskjelder.

Hundar skal haldast i band eller forsvarleg innestengt eller inngjerda i tida 1. april til 31. oktober der husdyr beiter eller har beiterett.

§ 2.Forbod mot hund

Hundar skal ikkje ha tilgang til barnehagar, skuleplassar, kyrkjegarden og idrettsanlegget i Hagabotnane.

Hundar som fylgjer blinde og svaksynte er unnateke frå dette forbodet.

§ 3.Reinhald

Hundehaldar har plikt til straks å fjerna avføring som hunden let etter seg på gate, fortau, park, bru, bryggje, kai, strand, anlegg eller annan offentleg stad som ålmenta nyttar.

Avføringa skal deponerast på eigna stad.

Unntak frå lova er nemnd i § 9 i lov om hundehald, og gjeld så langt desse ikkje er i strid med forskriftene.

§ 4.Dispensasjon

Kommunen kan dispensera frå bestemmelsane i forskrifta.

§ 5.Ikraftsetjing

Denne forskrifta tek til å gjelda straks.

§ 6.Straff

Brot på forskriftene vert straffa etter § 28 i lov om hundehald.