Forskrift om hundehald, Stranda kommune, Møre og Romsdal

DatoFOR-2008-03-26-1650
PublisertII 2009 hefte 1
Ikrafttredelse26.03.2008
Sist endret
Endrer
Gjelder forStranda kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-2003-07-04-74-§6, LOV-2003-07-04-74-§9, LOV-2003-07-04-74-§11
Kunngjort05.03.2009   kl. 14.15
KorttittelForskrift om hundehald, Stranda

Heimel: Fastsett av Stranda kommunestyre 26. mars 2008 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundeloven) § 6, § 9 og § 11.

§ 1.Verkeområde og definisjon

Denne forskrifta omfattar hundehald i Stranda kommune. Forskrifta supplerer regelverket gitt i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehald, og må sjåast i samanheng med denne.

Med bandtvang meiner ein i denne forskrifta at hundehaldar skal halde hunden i fysisk band eller forsvarleg inngjerda eller avstengt.

§ 2.Utvida bandtvang av omsyn til husdyr på beite

I Stranda kommune er det, i tillegg til ordinær bandtvang f.o.m. 1. april t.o.m. 20. august, utvida bandtvang av omsyn til beitande husdyr i tida f.o.m. 21. august t.o.m. 31. oktober.

§ 3.Bandtvang i område av omsyn til menneske

Det er bandtvang i alle dobbeltspora maskinpreparerte skiløyper og i alpinløyper f.o.m. 24. desember t.o.m. 1. januar, f.o.m. 20. februar t.o.m. 5. mars, og f.o.m. laurdag før palmesundag t.o.m. 2. påskedag. Dersom hund vert teken med i desse periodane skal den ikkje vere til hinder for andre brukarar. Det er bandtvang heile året i tettstader, bustadområde, område regulert til offentleg føremål, på kyrkjegardar og i tilrettelagde friluftsområde.

§ 4.Regelverk om ro og hygiene

I tettbygd strøk skal hund passast utandørs, slik at den ikkje forstyrrar nabolaget med vedvarande støy. Hundehaldar pliktar å fjerne avføring som hunden legg att i tettbygd strøk, langs offentleg veg, idrettsanlegg, skiløype og tilrettelagt friluftsområde, eller i andre område som er tilgjengeleg for allmenta i tettbygde strok.

§ 5.Område der hundar ikkje har eller har avgrensa tilgang

Hundar har ikkje tilgang til barnehagar og skuleområde utan avtale mellom hundeførar og den ansvarlege for barnehage/skule. Regelverket gjeld ikkje førarhund for blinde eller svaksynte.

§ 6.Dispensasjon

Kommunen kan etter søknad, dispensere frå regelverket om bandtvang gitt i hundelova eller denne forskrifta.

§ 7.Straff

Brot på regelverket i denne forskrifta er straffbart og kan straffast etter hundelova § 28.

§ 8.Iverksetjing

Denne forskrifta vert sett i kraft frå 26. mars 2008.