Forskrift om bandtvang, Vik kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2008-04-28-839
PublisertII 2008 hefte 3
Ikrafttredelse28.04.2008
Sist endret
Endrer
Gjelder forVik kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-2003-07-04-74-§6, LOV-2003-07-04-74-§11
Kunngjort31.07.2008   kl. 15.40
KorttittelForskrift om bandtvang, Vik

Heimel: Fastsett av Vik kommunestyre 28. april 2008 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundeloven) § 6 og § 11.

§ 1.Føremål

Vik kommune vil med denne føresegna

-Leggja til rette for eit hundehald som vektlegg tryggleik og alminneleg ro og orden
-Redusera konfliktnivået mellom hundeeigar og ålmenta
-Medverka til at spesielt born ikkje vert skremde eller skada av hundar
-Medverka til at hundar ikkje jagar eller uroar beitedyr
-Verna viltet.
§ 2.Forbod mot hund

I Vik kommune har ikkje hundar tilgang til barnehagebygningar, skular og kyrkjer.

§ 3.Bandtvang

I Vik kommune skal hundar haldast i band heile året på fylgjande stader:

a)i og i tilknyting til bustadområde og handleområde.
b)På tilrettelagde og/eller merka område for idrett og friluftsliv, skulevegar, merka skiløyper, badeplassar, kyrkjegardar, skuleplassar, leikeplassar og merka turstiar/-vegar.

I Vik kommune skal hundar haldast i band der husdyr beiter i perioden frå 1. april til 1. november.

§ 4.Ro, orden og reinhald

Hundeførar har plikt til å fjerne avføring som hundar legg att på og langs offentlege vegar eller i andre område som er tilgjengelege for ålmenta i tettbygd strøk. Det same gjeld for badeplassar, på og langs turvegar og merka skiløyper.

Hundehaldar er ansvarleg for at alminneleg ro og orden vert ivareteke slik at hundar ikkje uroar med vedvarande gøying eller liknande.

§ 5.Unntak

Reglane i § 2 og § 3 gjeld ikkje hund omfatta av hundelova sine unntak i § 9. Lova gjer m.a. unntak for hund i teneste og hund brukt til gjeting og jakt.

§ 6.Dispensasjon

Vik kommune har høve til å dispensera frå denne føresegna.

§ 7.Straff

Med bøter eller fengsel inntil seks månader og bot blir ein hundehaldar straffa som forsettleg eller uaktsamt bryt forskrifta.

§ 8.Trer i kraft

Denne føresegna trer i kraft straks.