Forskrift om utvida bandtvang for hund, Klepp kommune, Rogaland

DatoFOR-2008-05-19-533
PublisertII 2008 hefte 2
Ikrafttredelse05.07.2008
Sist endret
Endrer
Gjelder forKlepp kommune, Rogaland
HjemmelLOV-2003-07-04-74-§6
Kunngjort05.06.2008   kl. 15.25
KorttittelForskrift om utvida bandtvang for hund, Klepp

Heimel: Fastsett av Klepp kommunestyre 19. mai 2008 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundeloven) § 6.

§ 1.Eigar eller innehavar av hund skal halde hunden i band eller forsvarleg innestengd eller inngjerda i tida 1. april til 30. september.
§ 2.Hund skal haldast i band heile året:
a)i og i tilknytning til bustadområde og handleområde,
b)i parkar, på kyrkegardar, grav- og urnelunder, på og ved skular, barnehagar og anlegg for leik, idrett, sport eller rekreasjon,
c)i landskapsvernområdet på Selestranda frå Sola grense til Figgjoelva, i landskapsvernområdet på Borestranda frå Figgjoelva til Fuglingane, i turområdet langs Frøylandsvatnet frå RV505 til Time grense og i Kleppelunden.
§ 3.Denne forskrifta gjeld ikkje for:
a)dresserte gjeterhundar i arbeid
b)tenestehund i arbeid, samt under lovleg trening eller prøving
c)hund nytta i ettersøk etter såra eller sjukt vilt
d)jakthundar som nyttast under lovleg jakt, samt under lovleg trening eller prøving og som blir følgd på forsvarleg måte av eigar eller innehavar
e)organisert trening av brukshundar.
§ 4.Eigar eller den som har ansvar for hund pliktar straks å fjerne ekskrement som hunden let etter seg i naturen utanfor eigen eigedom. Hundepose skal ikkje kastas i naturen, men tas med og kastas på eigna stad.
§ 5.Brot på denne forskrifta er straffbart, sjå lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehald § 28.