Forskrift om sikring av hund, Fusa kommune, Hordaland

DatoFOR-2008-05-28-596
PublisertII 2008 hefte 2
Ikrafttredelse19.06.2008
Sist endret
Endrer
Gjelder forFusa kommune, Hordaland
HjemmelLOV-2003-07-04-74-§6, LOV-2003-07-04-74-§9, LOV-2003-07-04-74-§11
Kunngjort19.06.2008   kl. 14.40
KorttittelForskrift om sikring av hund, Fusa

Heimel: Fastsett av Fusa kommunestyre 28. mai 2008 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundeloven) § 6, § 9 og § 11.

§ 1.Eigar eller innehavar av hund i Fusa kommune skal halde hunden i band eller forsvarleg inngjerda i tidsrommet 1. april til 31. oktober.
§ 2.Hundar skal vidare haldast i band eller forsvarleg inngjerda eller innestengt heile året:
a)i og i tilknytning til bebudde områder.
b)på kyrkjegardar, i og ved skular, barnehagar og anlegg for leik, idrett, sport eller badeplassar.
§ 3.Ekskrement som hund legg frå seg på offentleg stad og på område som er tilgjengeleg for ålmenta i tettbygd strok skal straks fjernast av eigar eller den som har ansvaret for hunden. Tilsvarande gjeld for badeplassar, skular, barnehagar, kyrkjegardar, parkar og liknande.
§ 4.Føresegna gjeld ikkje:
a)Dressert hund som i følgje med eigar/innehavar vert nytta til å gjete buskap på beite.
b)Hund som på forsvarleg måte følgjer eigar/innehavar under lovleg jakt og ettersøk etter skada vilt.
c)Politi- og redningshund i teneste.
d)Hund nemnt under a-c som er under dressur og trening og som er forsvarleg følgt av eigar/innehavar. Slik trening må vere godkjend av grunneigar/rettshavar.
§ 5.Brot på denne forskrifta er straffbart i medhald av strl. § 339 nr. 2.
§ 6.Forskrifta trer i kraft straks ho er lyst ut i Norsk Lovtidend.