Forskrift om spreiing av husdyrgjødsel, Kvam herad, Hordaland

DatoFOR-2008-06-10-969
PublisertII 2008 hefte 3
Ikrafttredelse10.06.2008
Sist endret
Endrer
Gjelder forKvam kommune, Hordaland
HjemmelFOR-2003-07-04-951, LOV-1967-02-10
Kunngjort04.09.2008   kl. 14.55
KorttittelForskrift om spreiing av husdyrgjødsel, Kvam

Heimel: Fastsett av Heradsstyret i Kvam 10. juni 2008 med heimel i forskrift 4. juli 2003 nr. 951 om gjødselvarer mv. av organisk opphav og lov 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven) del VII.

§ 1.Formålet med kommunal gjødselforskrift er å tilpasse lokal praksis og vilkår for spreiing av husdyrgjødsel og silopressaft mv. til skiftande ver- og veksttilhøve slik at intensjonane i nasjonal husdyrgjødselforskrift og vern mot avrenning og forureining av vatn og grunn vert oppnådd, - og utan at det oppstår unødige ulemper og sjenanse for nærmiljø og andre brukarinteresser som følgje av gjødseltransporten og spreiinga.
§ 2.Landbruksføretak med eigna og tilstrekkeleg spreieareal kan spreie husdyrgjødsel og silopressaft fram t.o.m. 20. september.

Ved lagring, uttransport og spreiing skal det utvisast aktsemd overfor vertilhøve, avrenningsrisiko og andre brukarinteresser i nærmiljøet, under dette også respekt for helgedagsfreden.

§ 3.I tida 20. september til 1. november kan spreiing berre skje unntaksvis under spesielle omstende og vertilhøve, og ved innvilga løyve etter søknad. Som hovudregel vil bli stilt krav om nedmolding av husdyrgjødsel ved spreiing etter 1. oktober.

Heradet kan på eige initiativ forby all spreiing i sårbare område, eller under spesielt vanskelege ver- og driftstilhøve for heile eller deler av perioden 1. september-1. november utan krav om anna grunngjeving enn det omsynet til forureiningsfare, mark- og miljøskade og nærmiljøulemper tilseier.

Ved melding eller klage på utilbørleg spreiing, t.d. nær hus, hytter, frilufts- og opphaldsområde mv., eller ved spesielle tilstellingar der gjødselspreiing sjenerer sterkt eller kan medføre skade på grunn og vasskjelde, mistrivsel eller helseskade, kan heradet påby stans i spreiinga med straksverknad eller innan nærare fastsett frist.

§ 4.Denne forskrifta trer i kraft frå 10. juni 2008.