Forskrift om bruk av piggtråd som gjerdemateriale, Surnadal kommune, Møre og Romsdal

DatoFOR-2008-07-18-1377
PublisertII 2008 hefte 5
Ikrafttredelse01.07.2008
Sist endretFOR-2013-02-12-159
Endrer
Gjelder forSurnadal kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1961-05-05-§18
Kunngjort18.12.2008   kl. 14.35
KorttittelForskrift om piggtrådgjerder, Surnadal

Heimel: Fastsett av Surnadal kommunestyre 26. juni 2008 med heimel i lov 5. mai 1961 om grannegjerde § 18 bokstav a. Endret ved forskrift 12 feb 2013 nr. 159.

§ 1.Formål

Formålet med forskrifta er å unngå skadar frå piggtråd på folk og beitedyr.

0Endret ved forskrift 12 feb 2013 nr. 159.
§ 2.Virkeområde

Forskrifta gjeld bruk av piggtråd i gjerdekonstruksjonar i utmark og innmark, samt mellom utmark og innmark i Surnadal kommune.

§ 3.Forbod mot piggtråd

Det er forbode å sette opp ny piggtråd. Eksisterande piggtråd skal være fjerna innan 31. desember 2009.

§ 4.Unntak

Piggtrådforbod etter § 3 gjelder ikkje

-for område regulert til industri eller anna næringsverksemd.
-ved sikring av farlige anlegg (dammar, steinbrot m.m.).

Ved bruk av piggtråd på område skildra over blir det stilt krav om at piggtråd blir nytta i kombinasjon med anna gjerdemateriale, og at piggtråd ikkje blir plassert lågare enn 2,5 meter over bakken.

§ 5.Dispensasjon

Kommunen kan etter søknad gje dispensasjon frå forskrifta når særlige grunner talar for det.

§ 6.
0Opphevd med forskrift 12 feb 2013 nr. 159.
§ 7.Forskrifta trer i kraft

Denne forskrift trer i kraft 1. juli 2008.