Forskrift om sikring av hund, Meland kommune, Hordaland

DatoFOR-2008-12-10-1667
PublisertII 2009 hefte 2
Ikrafttredelse01.01.2009
Sist endret
Endrer
Gjelder forMeland kommune, Hordaland
HjemmelLOV-2003-07-04-74-§6
Kunngjort14.05.2009   kl. 14.55
Rettet08.07.2011, nytt kart, 20.10.2015, fjernet vedlegg 2.
KorttittelForskrift om sikring av hund, Meland

Heimel: Fastsett av Meland kommunestyre 10. desember 2008 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundeloven) § 6.

§ 1.Føremål

Meland kommune vil med denne forskrifta leggja til rette for eit hundehald som vektlegg tryggleiken for husdyr, vilt og folk, og som medverkar til eit positivt og samfunnsgagnleg hundehald som reduserer konfliktnivået mellom hundeeigar og ålmenta.

§ 2.Verkeområde

Forskrifta omfattar presisering av reglar for sikring av hund og kjem i tillegg til dei ordinære bandtvangsreglane i hundelova.

§ 3.Generell bandtvang

I tida frå og med 1. april til 15. november skal hundar i Meland haldast i band eller forsvarleg innestengt.

§ 4.Sikring av hund

Utover påbodet i § 3 skal hundar haldast i band, forsvarleg innestengt eller inngjerda heile året på følgjande stadar:

a)I og i tilknyting til bustadområde og handleområde,
b)i parkar, på kyrkjegardar, grav- og urnelundar, på og ved skular, barnehagar og anlegg for leik, idrett, sport eller rekreasjon,
c)i tilknyting til alle landbruksområde (jord, skog og anna utmark) i Meland kommune frå gnr. 1 til og med gnr. 57 og turstiar i desse områda, med unntak av utmarka:
-på Håøy og Midtmarka, Brakstadfjellet, Gaustadfjellet
-i skogsområde ved Storeknappen
-i området sørom riksvegen frå Mjåtveit til Dalstø
-på turstiar til Eldsfjellet frå Skurtveit og Rossland
-på gnr. 47 Rossland og gnr. 45 Vikebø på dei areala som ligg sørom fylkesvegen til Skjelanger.

Områda er synt på vedlagt kart.

§ 5.Unntak frå sikringsreglane
a)Dressert bufehund i arbeid og teneste.
b)Tenestehundar i aktivt arbeid som politihundar/bergingsteneste, blindehund og føremål etter § 9.
c)Hund i bruk til jakthundtrening og jaktprøving.
d)Hund i aktiv teneste som ettersøkshund etter såra eller sjukt vilt.
e)Dressurområde for hundar som Meland kommune har godkjent etter gjeldande lovverk.
§ 6.Forsøpling og opptak av laushundar

Ekskrement som hund legg frå seg på offentleg stad og på område tilgjengeleg for ålmenta i tettbygde strøk og på friområde, skal straks fjernast av den som fører hunden.

Hund som er laus i strid med forskrifta kan opptakast i samsvar med § 10 i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehald.

§ 7.Støy

Bjeffande hundar skal vere innandørs seinast kl. 23.00 alle dagar.

§ 8.Dispensasjon

Kommunen kan etter søknad dispensera frå forskrifta § 3 og § 4.

§ 9.Straff

Brot på denne forskrifta er straffbart, jf. lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehald § 28.

§ 10.Trer i kraft

Denne forskrifta trer i kraft 1. januar 2009. 

pdf.gif