Forskrift om bandtvang for hund, Vaksdal kommune, Hordaland

DatoFOR-2008-12-15-1654
PublisertII 2009 hefte 2
Ikrafttredelse15.12.2008
Sist endret
Endrer
Gjelder forVaksdal kommune, Hordaland
HjemmelLOV-2003-07-04-74-§6, LOV-2003-07-04-74-§9, LOV-2003-07-04-74-§11, LOV-2003-07-04-74-§12
Kunngjort12.03.2009   kl. 16.00
Rettet30.10.2009, gal versjon kunngjort, ny lagt inn.
KorttittelForskrift om bandtvang for hund, Vaksdal

Heimel: Fastsett av Vaksdal kommunestyre 15. desember 2008 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundeloven) § 6, § 9, § 11 og § 12.

§ 1.Føremål

Vaksdal kommune vil med denne forkrifta:

-Legge til rette for eit hundehald som vektlegg tryggleik og alminneleg ro og orden.
-Redusera konfliktnivået mellom hundeeigar og ålmenta.
-Medverka til at spesielt barn ikkje vert skremd eller skada av hunder.
-Medverka til at hunder ikkje jager eller uroer bufe på beite.
-Verna viltet.
§ 2.Bandtvang

I Vaksdal kommune skal hundar haldast i band heile året på fylgjande stader:

a)Kyrkjegarder, gravplasser
b)Alle skuler, barnehager, leikeplasser og badeplassar
c)Alle anlegg for idrett og sport
d)Alle merka turløyper.

I Vaksdal kommune skal hunder haldast i band der husdyr beiter i perioden 1. april-31. oktober.

§ 3.Reinhald

Hundeeigarar har plikt til å fjerne avføring som hunder legg igjen på og langs offentlege vegar eller i andre område som er tilgjengeleg for ålmenta i tettbygd strøk. Det same gjeld også for badeplasser, på og langs turvegar og mykje nytta skiløyper.

§ 4.Dispensasjon

Vaksdal kommune kan dispensere frå bestemmelsane i denne forskrift.

§ 5.Ikraftsetjing

Denne forskrift trer i kraft straks.