Forskrift om frist for spreiing av gjødselvarer av organisk opphav, Fusa, Os og Samnanger kommuner, Hordaland

DatoFOR-2009-02-11-1124
PublisertII 2009 hefte 4
Ikrafttredelse11.02.2009
Sist endret
Endrer
Gjelder forFusa, Os og Samnanger kommuner, Hordaland
HjemmelFOR-2003-07-04-951-§23, LOV-1995-05-12-23
Kunngjort03.09.2009   kl. 14.10
KorttittelForskrt om gjødselspreiing, Fusa, Os, Samnanger

Heimel: Fastsett av Fusa kommunestyre 8. oktober 2008, Os formannskap 13. august 2008 og Naturutvalet i Samnanger 11. februar 2009 med heimel i forskrift 4. juli 2003 nr. 951 om gjødselvarer mv. av organisk opphav § 23, jf. lov 12. mai 1995 nr. 23 om jord (jordlova).

§ 1.Føremålet med kommunal forskrift om spreiing av husdyrgjødsel, silosaft mv., er å tilpasse spreietidspunkt til lokal praksis og veksttilhøve i regionen. Forskrifta skal sikre at gjødselvarene kan utnyttast best mogeleg for planteproduksjon utan at det fører til forureining og er til unødig ulempe for nærområda, jamfør forskrift 4. juli 2003 nr. 951 om gjødselvarer mv. av organisk opphav § 23.
§ 2.Forskrifta gjeld for Fusa, Os og Samnanger kommunar.
§ 3.Landbruksføretak med tilstrekkeleg spreieareal, kan spreie gjødselvarer av organisk opphav utan nedmolding/nedfelling på eng og annan grøde til og med 20. september.

For all spreiing av gjødselvarer av organisk opphav utan nedmolding/nedfelling etter 1. september, kan det maksimalt spreiast 2 m³ daa. Mot alle vassdrag skal det setjast att ei sone på minst 10 meter som ikkje skal gjødslast.

Kommunen kan, på dei vilkår som er nemnt i forskrift av 4. juli 2003 nr. 951 om gjødselvarer mv. av organisk opphav, gje løyve til seinare spreiing med enkeltvedtak, men ikkje seinare enn 1. oktober.

§ 4.Forskrifta trer i kraft straks.