Forskrift om bandtvang for hund, Fjaler kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2009-02-16-306
PublisertII 2009 hefte 2
Ikrafttredelse16.02.2009
Sist endret
Endrer
Gjelder forFjaler kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-2003-07-04-74-§6
Kunngjort19.03.2009   kl. 15.05
KorttittelForskrift om bandtvang for hund, Fjaler

Heimel: Fastsett av Fjaler kommunestyre 16. februar 2009 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundeloven) § 6.

§ 1.Føremål

Fjaler kommune vil med denne forskrifta

-Leggja til rette for eit hundehald som vektlegg tryggleik og alminneleg ro og orden
-Redusere konfliktnivået mellom hundeeigar og ålmenta
-Medverke til at spesielt born ikkje vert skremde eller skada av hundar
-Medverke til at hundar ikkje jagar eller uroar beitedyr
-Verne viltet.
§ 2.Forbod mot hund

I Fjaler kommune har ikkje hundar tilgang til barnehagebygningar, skular og kyrkjegardar.

§ 3.Bandtvang

I Fjaler kommune skal hundar haldast i band heile året på fylgjande stader:

a)I og i tilknyting til bustadområde og handleområde.
b)På tilrettelagde og/eller merka område for idrett og friluftsliv, skulevegar, merka skiløyper, badeplassar, skuleplassar, leikeplassar og merka turstiar.

I Fjaler kommune skal hundar haldast i band i perioden frå 1. april til 1. november.

Hundar som kan plage menneske eller dyr på offentleg stad, skal haldast i band og ha munnkorg.

Det er forbode å la tispe gå laus i løpetida på offentleg stad.

Hund skal vere utstyrt med halsband med namn, adresse og telefonnummer til eigaren eller den som har ansvaret for hunden, eller vere lovleg merka på anna måte.

§ 4.Ro, orden og reinhald

Eigar eller den som har ansvar for hund pliktar straks å fjerne ekskrement som hunden let etter på offentleg stad, samt dei stader som er nemnt i § 3 a og b.

Hundehaldar er ansvarleg for at alminneleg ro og orden vert ivareteke slik at ikkje hundar uroar med vedvarande gøying eller liknande.

§ 5.Unntak

Reglane i § 2 og § 3 gjeld ikkje hund omfatta av hundelova sine unntak i § 9.

§ 6.Dispensasjon

Fjaler kommune har høve til å dispensera frå denne forskrifta.

§ 7.Straff

Med bøter eller fengsel inntil seks månader, vert ein hundehaldar straffa som forsettleg eller uaktsamt bryt forskrifta.

§ 8.Trer i kraft

Denne forskrifta trer i kraft straks.