Forskrift om bandtvang for hund, Askvoll kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2009-03-02-310
PublisertII 2009 hefte 2
Ikrafttredelse02.03.2009
Sist endret
Endrer
Gjelder forAskvoll kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-2003-07-04-74-§6
Kunngjort19.03.2009   kl. 15.05
KorttittelForskrift om bandtvang for hund, Askvoll

Heimel: Fastsett av Askvoll kommunestyre 2. mars 2009 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundeloven) § 6.

§ 1.Føremål

Askvoll kommune vil med denne forskrifta

-Leggja til rette for eit hundehald som vektlegg tryggleik og alminneleg ro og orden
-Redusere konfliktnivået mellom hundeeigar og ålmenta
-Medverke til at spesielt born ikkje vert skremde eller skada av hundar
-Medverke til at hundar ikkje jagar eller uroar beitedyr
-Verne viltet.
§ 2.Bandtvang

I Askvoll kommune skal hundar haldast i band heile året på fylgjande stader:

a)I og i tilknyting til bustadområde og handleområde og offentlege stader.
b)På skulevegar, merka skiløyper, offentlege badeplassar og leikeplassar.
c)På skuleplassar, idrettsplassar og ved idrettsanlegg.
d)I område med beitande husdyr.

Unntak: For § 2 c kan det gjerast unntak for organisert trening eller aktivitet med hund etter nærmare avtale med eigar.

I Askvoll kommune skal hundar haldast i band i perioden frå 1. april til 1. november.

Farlege hundar som kan plage menneske eller dyr på offentleg stad, skal haldast i band og ha munnkorg.

Hund skal vere utstyrt med halsband med namn, adresse og telefonnummer til eigaren eller den som har ansvaret for hunden, eller vere lovleg merka på anna måte.

§ 3.Om ekstraordinær bandtvang

Mynde til å utforme hasteforskrift for innføring av ekstraordinær bandtvang er delegert til rådmannen. Under omstende der ekstraordinær bandtvang vert innført er det ikkje høve til unntak frå sikringsregelen, jakthundtrening og jaktprøver, jf. § 9, bokstav f i hundelova.

§ 4.Ro, orden og reinhald

Hundar har ikkje tilgang til kommunale bygg og kyrkjegardar utan nærmare avtale.

Eigar eller den som har ansvar for hund pliktar straks å fjerne ekskrement som hunden let etter på offentleg stad, samt dei stader som er nemnt i § 2 a, b og c.

Hundehaldar er ansvarleg for at alminneleg ro og orden vert ivareteke slik at ikkje hundar uroar med vedvarande gøying eller liknande.

§ 5.Unntak

Reglane i § 2 og § 3 gjeld ikkje hund omfatta av hundelova sine unntak i § 9.

§ 6.Dispensasjon

Askvoll kommune har høve til å dispensera frå denne forskrifta.

§ 7.Straff

Med bøter eller fengsel inntil seks månader, vert ein hundehaldar straffa som forsettleg eller uaktsamt bryt forskrifta.

§ 8.Trer i kraft

Denne forskrifta trer i kraft straks.