Forskrift om frist for spreiing av gjødselvarer mv. av organisk opphav, Hægebostad kommune, Vest-Agder

DatoFOR-2009-06-18-1040
PublisertII 2009 hefte 4
Ikrafttredelse01.07.2009
Sist endret
Endrer
Gjelder forHægebostad kommune, Vest-Agder
HjemmelFOR-2003-07-04-951-§23, LOV-1995-05-12-23
Kunngjort13.08.2009   kl. 13.40
KorttittelForskr. om frist for gjødselspreiing, Hægebostad

Heimel: Fastsett av Hægebostad kommunestyre 18. juni 2009 med heimel i forskrift 4. juli 2003 nr. 951 om gjødselvarer mv. av organisk opphav § 23 fjerde ledd, jf. lov 12. mai 1995 nr. 23 om jord (jordlova).

§ 1.Verkeområde

Forskrifta gjeld for all gjødsel av organisk opphav - mellom anna husdyrgjødsel, silopressaft, kompostprodukt mv. Forskrifta er laga med heimel i § 23 i forskrift om gjødselvarer mv. av organisk opphav.

Forskrifta gjeld for heile kommunen - med unntak av dei jordbruksområda som har nedbørsfelt som går til Audnedal og Åseral kommune. Dette gjeld mellom anna gardane på Verdal, Telhaug, Kvåle, Stulien, Nerstøl, Hellåsen, Mydland, Naglestad og Kvestad.

§ 2.Spreietidspunkt

Spreiing i Hægebostad utan nedmolding/nedfelling skal gjerast seinast innan 1. oktober.

Hægebostad kommune kan ved enkeltvedtak forby spreiing av gjødselvarer mv av organisk opphav - i heile eller delar av perioden frå 1. september til 1. oktober i områder med alvorleg forureining eller fare for forureining.

Elles vert det vist til § 23 og § 24 i forskrift om gjødselvarer mv. av organisk opphav.

§ 3.Klage

Enkeltvedtak fatta av kommunen etter § 2 kan påklagast til fylkesmannen. Klagefrist er 3 veker etter at vedtaket er kommen fram til søkjar. Klagen skal sendast om kommunen.

§ 4.Ikrafttredelse

Forskriften trer i kraft 1. juli 2009.