Forskrift om bandtvang for hund og hundehald etter hundeloven, Rauma kommune, Møre og Romsdal

DatoFOR-2009-06-24-1108
PublisertII 2009 hefte 4
Ikrafttredelse27.09.2009
Sist endret
Endrer
Gjelder forRauma kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-2003-07-04-74-§6
Kunngjort27.08.2009   kl. 16.40
KorttittelForskrift om bandtvang og hundehald, Rauma

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Planutvalget i Rauma kommune 24. juni 2009 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundeloven) § 6 bokstav e.

§ 1.Formål

Rauma kommune ønskjer gjennom denne forskrifta å:

-Fremje eit positivt og ansvarleg hundehald som i størst mogleg grad ivaretek både allmenne interesser knytt til sikkerheit, tryggheit og alminneleg ro og orden og interessene til hundeeigarane.
-Hindre at lause hundar jagar bufe på beite.
§ 2.Tider for bandtvang

I Rauma kommune skal hundar, utover den lovfesta bandtvangen i perioden 1. april-20. august, haldast i band eller vere forsvarleg innestengt eller inngjerda i området til Isfjorden sausankelag 21. august-1. oktober.

Området er vist i vedlagt kart.

§ 3.Lause hundar

Hund som er laus i strid med denne forskrifta kan takast hand om i samsvar med hundeloven § 10.

§ 4.Denne forskrifta gjeld ifølge § 9 i hundeloven ikkje for m.a.
-dressert bufehund når den brukes til å vokte storfe, sau eller geit,
-hund når den brukes for jakt, jakthundtrening og jaktprøver,
-hund i aktiv bruk som ettersøkshund etter såret eller sykt vilt,
-hund i aktiv politi-, toll-, militær- og redningstjeneste eller under trening eller prøving for slik tjeneste.
§ 5.Dispensasjon

Rauma kommune kan i særlege tilfelle dispensere frå bestemmelsane i § 2 i denne forskrifta og hundelovens § 4, § 6 og § 7, jf. § 9 bokstav e i hundeloven.

§ 6.Straff

Brot på denne forskrifta er straffbart og kan straffast i tråd med straffebestemmelsane i hundeloven § 28.

Kartvedlegg 

pdf.gif