Forskrift om hald og bandtvang for hund, Tysvær kommune, Rogaland

DatoFOR-2009-09-15-1236
PublisertII 2009 hefte 5
Ikrafttredelse08.11.2009
Sist endret
Endrer
Gjelder forTysvær kommune, Rogaland
HjemmelLOV-2003-07-04-74-§6
Kunngjort08.10.2009   kl. 15.25
KorttittelForskrift om hald og bandtvang for hund, Tysvær

Heimel: Fastsett av Tysvær kommunestyre 15. september 2009 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundeloven) § 6 andre ledd.

§ 1.Føremål
-Tysvær kommune vil leggja til rette for eit hundehald som legg vekt på tryggleik, ro og orden.
-Gjera konfliktnivået minst mogleg mellom hundeeigar og ålmenta.
-Medverka til at born får eit trygt og godt tilhøve til hund.
-Medverka til at hund ikkje jagar bufe på beite.
-Vern om viltet.
§ 2.Virkeområde

Forskrifta gjeld for hundehald i Tysvær kommune.

§ 3.Føresegner om sikring av hund
a)Eigar eller innehavar av hund i Tysvær kommune skal halda hunden i band eller forsvarleg innestengt eller inngjerda i tida frå 1. mars til og med 31. oktober slik at den ikkje kan jaga eller skada bufe, fjørfe, hest eller vilt, herunder viltet sitt egg, reir og bu.
b)Hundar skal haldast i band heile året i bustadområde, langs sykkel- og gangvegar og ved offentlege byggområde.
c)Hundar skal haldast i band heile året i parkområde, anlegg for leik, idrett, sport og rekreasjon.
d)Hundar skal haldast i band heile året i og ved offentlege friluftsområder og tilrettelagte og merka turstiar i kommunen.
e)Hund skal haldast i band heile året i områder der det beitar bufe.
f)Hund skal haldast i band heile året på areal til kyrkjene og på kyrkjegardane.
g)Det er forbode å ta hund med inn i dei verna våtmarksområda i kommunen.
h)Hund skal haldast i band heile året ved barnehagar og skuleområder.
i)Ved ekstraordinære tilhøve for å ta vare på viltet kan viltnemnda gjera vedtak om at det skal vera bandtvang i ei lengre tid enn kva som er gjeve etter punkt a.

Hundeeigar pliktar å gjera seg kjent med anna lovverk knytta til hund.

§ 4.Unnateke frå bandtvangsreglane
a)For dressert bufehund når den blir bruka til å vakta/samla bufe.
b)Hund som blir nytta som politi-, toll-, militær- og redningsvesen eller er under trening eller prøving for slik teneste.
c)Hundar som blir nytta som ettersøkshund etter skada eller sjukt vilt.
d)Særlege bruksføremål, avgrensa område eller nærare gjevne hunderasar eller hundetypar eller for hund som har særskilt trening, når dette er fastsett ved enkelt vedtak av rådmannen.
e)Hund når den blir brukt til jakt, jakthundtrening og jaktprøve mellom 1. mars og 31. oktober.
§ 5.Ekstraordinær bandtvang

Tysvær kommune kan fastsette ekstraordinær bandtvang, denne har rådmannen fullmakt til å gjera vedtak om.

§ 6.Forsøpling

Langs offentlege vegar, i bustadområder, ved og på barnehage- og skuleområde, på leikeplassar og på andre område som er tilgjengeleg for ålmenta skal eigar/brukar av hund sørgja for at hundeavføring blir fjerna. Det same gjeld dei offentlege badeområda og liknande.

§ 7.Straff

Brot på denne forskrifta kan straffast etter § 28 i lov om hundehald.

§ 8.Ikraftsetjing

Denne forskrifta trer i kraft 1 månad frå kunngjeringsdato.