Forskrift om hundehald, Kvam herad, Hordaland

DatoFOR-2009-11-10-1900
PublisertII 2010 hefte 4
Ikrafttredelse10.11.2009
Sist endret
Endrer
Gjelder forKvam kommune, Hordaland
HjemmelLOV-2003-07-04-74-§6
Kunngjort07.10.2010   kl. 15.00
KorttittelForskrift om hundehald, Kvam

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Kvam heradsstyre 10. november 2009 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehald (hundeloven) § 6 andre ledd, bokstavane a, b, c, d, e, f og § 11.

I

§ 1.Formål
-Fremja eit positivt og ansvarleg hundehald som tek omsyn til sikring, tryggleik, alminneleg ro og orden, og å unngå forsøpling
-Verna om vilt og husdyr
-Leggja til rette for dressur og mosjon av hund.
§ 2.Definisjonar 

Hundehaldar: Den som eig hund, har eller har teke omsorg for eller hand om ein hund for kortare eller lengre tid. 

Husdyr: Storfe, sau, geit, hest, gris og fjørfe. 

Vilt: Alle dyr som lever og ynglar fritt i naturen, inkludert deira egg, reir og bo.

§ 3.Bandtvang
1.I tida frå og med 1. april til og med 20. august skal hundar haldast i band eller vera forsvarleg inngjerda eller innestengt i heile kommunen (jf. hundelova § 6).
2.I tillegg skal hundar haldast i band, eller vera forsvarleg inngjerda eller innestengt heile året:
a)I og inntil bustad- og handleområde
b)Ved offentlege badeplassar, skuleplassar, kyrkjegardar og idrettsanlegg
c)Ved drikkevasskjelder (må vera merka).
3.Hundar skal haldast i band, eller vera forsvarleg inngjerda eller innestengt i tida 1. april til 1. november i område der husdyr beiter.
4.I vinterhalvåret skal hundar haldast i band i preparerte skiløyper og slalåmbakkar.
§ 4.Forbod mot hund

Hundar skal ikkje ha tilgang til barnehagar.

Hunder som følgjer blinde og svaksynte er unnateke for forbodet.

§ 5.Reinhald

Hundehaldar har plikt til straks å fjerne avføring som hund let etter seg på gate, fortau, park, bru, brygge, kai, strand, anlegg eller annan offentleg stad som ålmenta nyttar.

Avføringa skal deponerast på eigna stad.

§ 6.Denne forskrifta gjeld ikkje for:
a)dresserte gjetarhundar i arbeid, under trening eller prøving
b)tenestehund i arbeid, under trening eller prøving
c)hund nytta i ettersøk etter såra eller sjukt vilt, under trening eller prøving
d)jakthundar som nyttast under lovleg jakt, under lovleg trening eller prøving og som blir følgd på forsvarleg måte av eigar eller innehavar
e)hund nytta til lovleg uttak av rovvilt
f)organisert trening av hundar.
§ 7.Dispensasjon

Kvam herad v/rådmannen kan gje dispensasjon frå reglane i denne forskrifta.

II

Forskrifta trer i kraft straks.