Forskrift om frist for spreiing av gjødselvarer av organisk opphav, Ålesund kommune, Møre og Romsdal

DatoFOR-2009-11-12-1671
PublisertII 2009 hefte 6
Ikrafttredelse01.09.2009
Sist endret
Endrer
Gjelder forÅlesund kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1995-05-12-23-§3, LOV-1995-05-12-23-§11, FOR-2003-07-04-951-§23
Kunngjort28.12.2009   kl. 14.00
KorttittelForskrift om frist for gjødselspreiing, Ålesund

Heimel: Fastsett av Ålesund bystyre 12. november 2009 med heimel i lov 12. mai 1995 nr. 23 om jord (jordlova) § 3 og § 11 første ledd, jf. forskrift 4. juli 2003 nr. 951 om gjødselvarer mv. av organisk opphav § 23.

§ 1.Føremål

Forskrift om frist for spreiing av gjødselvarer av organisk opphav på eng i Ålesund kommune har som føremål å hindre forureining til luft, vatn og vassdrag, gjennom å sikre at gjødsla blir utnytta best mogleg som ein ressurs for planteproduksjon.

Det er vidare eit mål å sikre at gjødsla disponerast slik at omsynet til det biologiske mangfaldet blir ivaretatt.

§ 2.Verkeområde

Denne forskrift gjelder for spreiing av gjødselvarer mv. av organisk opphav, som for eksempel husdyrgjødsel, silopressaft, avløpsslam, kompostproduktar og anna organisk gjødsel.

Forskrifta gjeld for heile Ålesund kommune.

§ 3.Definisjonar

Med vassdrag reknast alle elvar, bekkar, innsjøar og anna vassansamling som er vassførande heile året ved normale nedbørsmengder.

§ 4.Forbod mot vass- og luftforureining

Gjødselvarer av organisk opphav skal disponerast slik at det ikkje fører til forureining eller fare for forureining, eller på anna måte er i strid med omsyn nemnt i § 1.

§ 5.Spreietidspunkt

Spreiing av gjødselvarer av organisk opphav kan berre utførast i perioden frå 15. februar til 1. november. Det er ikkje lov å spreie gjødselvarer på snødekt eller frose mark.

Spreiing utan nedmolding/nedfelling på eng og anna grøde bør gjerast så tidleg i vekstsesongen at det er mogleg med betydeleg gjenvekst som blir hausta eller beita, og skal gjerast seinast 20. september.

I perioden 1.-20. september skal det, ved spreiing utan nedmolding/nedfelling på eng og anna grøde, maksimalt spreiast 2 m³ pr. dekar.

Ved spreiing utan nedmolding/nedfelling på eng og anna grøde i perioden 1.-20. september skal det stå igjen ein sone på minimum 6 meter spreiefri sone frå kanten av alle vassdrag mv. og sjø som ikkje skal gjødslast. Det blir rådd frå å spreie gjødselsvarer mv. av organisk opphav på hellande mark mot vassdrag mv. og sjø i perioden 1. til 20. september.

Det er gardbrukaren sitt ansvar å sjå til at gjødselvarer av organisk opphav disponerast slik at det ikkje fører til forureining eller fare for forureining av luft, vatn, vassdrag og sjø.

§ 6.Dispensasjon

I særlege høve kan kommunen gi dispensasjon frå § 5.

§ 7.Forhold til andre lover og forskrifter

Krav ut over denne forskrift som er sett i andre lover eller forskrifter må vere oppfylt.

§ 8.Klage

Enkeltvedtak gjort av kommunen etter denne forskrift kan klagast til fylkesmannen. Klagefrist er 3 veker etter mottak av vedtak. Klagen skal sendast via kommunen.

§ 9.Ikraftsetjing

Forskrifta trer i kraft frå 1. september 2009.