Forskrift om utvida bandtvang for hund, Årdal kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2009-11-26-1892
PublisertII 2010 hefte 2
Ikrafttredelse26.11.2009
Sist endret
Endrer
Gjelder forÅrdal kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-2003-07-04-74
Kunngjort12.05.2010   kl. 16.00
KorttittelForskrift om utvida bandtvang, Årdal

Heimel: Fastsett av Årdal kommunestyre 26. november 2009 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundeloven).

§ 1.Verkeområde og definisjonar

Denne forskrifta omfattar hundehald i heile Årdal kommune, og for alle som bur eller oppheld seg i kommunen. Forskrifta supplerer vedtekter gjevne i lov av 4. juli 2003 nr. 74, og må sjåast i samanheng med denne.

Føresegna gjeld ikkje for:

a)Hund som vert nytta i reindrift
b)Dressert gjetarhund for vakting/gjeting av bufe
c)Tenestehund i aktiv teneste eller under trening
d)Jakthundar i bruk ved lovleg jakt. Ein føresetnad er at hundene er gjort såkalla «sauereine».
e)Ettersøkshundar under trening og lovfesta ettersøk på skadeskutt eller trafikkskada hjortevilt.

Med bandtvang meiner ein i denne forskrifta at hundehaldar skal halde hunden i fysisk band eller forsvarleg inngjerda eller avstengt.

§ 2.Utvida bandtvang av omsyn til husdyr på beite

I tida frå 1. april til 1. november pliktar eigar eller innehavar av hund i Årdal kommune å halda hunden i band, forsvarleg inngjerda eller innestengd.

§ 3.Bandtvang i område av omsyn til menneske

Det er bandtvang i maskinpreparerte skiløyper heile året. Dersom nokon har med seg hund i maskinpreparerte skiløype, skal ikkje denne være til hinder for andre brukare.

§ 4.Ro orden

Hundehaldar pliktar straks å fjerne ekskrement som hund let etter seg på offentleg stad.

Ekskrement skal deponerast på dertil eigna stad og ikkje kastast i naturen.

Med offentleg stad forstår ein i denne forskrift gate, veg, herunder fortau, sti, park, torg, eller liknande stad, bru, bryggje, kai, strand, anlegg, maskinpreparerte skiløyper eller anna stad der det er allmenn ferdsel eller som er bestemt for allmenn ferdsel.

Hundehaldar må syte for at alminneleg ro og orden vert ivareteke, som at hund skal passast slik at den ikkje uroar nokon med vedvarande gøying eller liknande.

§ 5.Område der hunder har ingen eller avgrensa tilgang

Hundar har ikkje tilgang til barnehage og skuleområdar utan avtale. Andre aktuelle områder blir skilta med forbudsskilt. Dette gjeld ikkje førarhund eller hjelpehund.

§ 6.Fullmakt til utviding av forskriften

Administrasjonen har fullmakt til å utvide tidsrommet forskriften gjeld for, viss det er nødsamt for å verne viltet, til dømes viss det er særs vanskelege snø- og beite tilhøve for reinsdyr (ising).

§ 7.Dispensasjon

Kommunen kan, etter søknad, dispensere ifrå vedtektene om bandtvang gjevne i hundelova eller denne forskrifta.

§ 8.Straff

Brot på denne føresegna er straffbart og kan straffast etter § 28 i hundelova.

§ 9.Ikrafttredelse

Denne forskrifta tek i kraft straks etter den er vedteke, og er gjeldane til det kjem ein ny hundelov slik at gjeldane forskrift må opphevast, eller det blir skreve ei ny forskrift.