Forskrift om bandtvang for hund, Os kommune, Hordaland

DatoFOR-2009-12-15-1862
PublisertII 2010 hefte 1
Ikrafttredelse15.12.2009
Sist endret
Endrer
Gjelder forOs kommune, Hordaland
HjemmelLOV-2003-07-04-74-§6, LOV-2003-07-04-74-§9, LOV-2003-07-04-74-§11
Kunngjort28.01.2010   kl. 14.30
KorttittelForskrift om bandtvang for hund, Os

Heimel: Fastsett av Os kommunestyre 15. desember 2009 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundeloven) § 6, § 9 og § 11.

§ 1.Utvida bandtvang

I område av kommunen der husdyr har rett til å beita og faktisk beiter, og i område der vilt som skal beskyttast har sitt leveområde, skal hundar haldast i band eller forsvarleg innestengt eller inngjerda frå 1. april til og med 30. september.

a.Hundar skal vidare haldast i band eller forsvarleg innestengd eller inngjerda heile året i parkar, på kyrkjegardar, grav- og urnelunder, på og ved skular, barnehagar og anlegg for leik og idrett, sport eller rekreasjon.
§ 2.Unntak fra bandtvangsreglane

Bandtvangsreglane gjeld ikkje for

1.Dressert bufehund når den vert brukt til å vakta storfe, sau, geit, fjørfe, hest eller vilt, under dette viltets egg, reir og bu.
2.Hund i aktiv politi-, toll-, militær- og redningsteneste eller hund under trening og prøving for slik teneste.
3.Hund i aktiv bruk som ettersøkshund etter såra, skada eller sjukt vilt.
4.Hund når den vert brukt i jakt, jakthundtrening og jaktprøver.
5.Hund i dressurtrening og aktiv konkurranse.
6.Trente førarhundar i nærleiken av brukar.
§ 3.Forsøpling

I område som nemnd i § 1 a skal den som eig eller har omsorg eller hand om ein hund, sørga for at hundeavføringa vert fjerna. Tilsvarande gjeld for område for offentlege badeplassar, turvegar samt i og i tilknytning til bustadområde eller handleområde. Såkalte hundeposar skal ikkje kastast i naturen eller i vegkanten.

§ 4.Straff

Brot på denne forskrifta er straffbart og kan straffast etter reglane i hundelova § 28.

§ 5.Verknadstidspunkt

Denne forskrifta trer i kraft straks.