Forskrift om sikring av hund og bandtvang etter hundelova, Sandøy kommune, Møre og Romsdal

DatoFOR-2010-03-03-324
PublisertII 2010 hefte 1
Ikrafttredelse11.03.2010
Sist endret
Endrer
Gjelder forSandøy kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-2003-07-04-74-§6
Kunngjort11.03.2010   kl. 14.40
KorttittelForskrift om sikring av hund og bandtvang, Sandøy

Heimel: Fastsett av Sandøy kommunestyre 3. mars 2010 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundeloven) § 6 annet ledd bokstav f.

§ 1.Formål

Sandøy kommune ønskjer gjennom denne forskrifta å:

-Fremje eit positivt og ansvarleg hundehald som tek omsyn til sikkerheit, tryggleik og allmenn ro og orden.
-Redusere konfliktnivået mellom hundehaldarar og ålmenta.
-Hindre at kommunen sine innbyggjarar og besøkande, spesielt born, blir skremd av hundar.
-Hindre at lause hundar jagar bufe på beite.
-Beskytte viltet under ekstraordinære forhold.
§ 2.Ordinær bandtvang

Hundar i Sandøy kommune skal haldast i band, bli forsvarlig følgd og kontrollert på aktsam måte, være forsvarleg innestengt eller inngjerda heile året:

a)I og i tilknyting til bustadområde og på offentleg stad
b)I og ved dei preparerte turstiane
c)I område der bufe har rett til å beite og faktisk beiter, vert ordinær bandtvang utvida etter hundelova (1. april-20. august) frå og med 20. august og fram til naturleg beiteslutt 15. oktober.

Sikringsreglane i punkt a-c gjeld ikkje for hundar som vert brukt til dei formål som er går fram i hundelova sin § 9.

§ 3.Naturreservat

I områder som etter lokal forskrift er regulert som naturreservat er det eigne reglar som går føre reglane i denne forskrifta.

§ 4.Friområde

Sandøy kommune ønskjer å legge til rette for at eigar eller den som har ansvar for hund skal ha tilgang til eigna friområde der hund kan gå laus utan band. Det vert delegert til Formannskapet å definere slike friområde. Friområde skal merkast i terrenget.

§ 5.Om opptak av hund

Hund som er laus i strid med denne forskrifta kan takast opp i medhald av hundelova § 10.

§ 6.Om ro og orden

Av omsyn til alminneleg ro og orden skal hundeeigar eller innehavar av hund syte for at hund med støyande oppførsel ikkje skal være ute i tettbygd strøk utan aktivt tilsyn.

Eigar eller den som har ansvar for hund plikter straks å fjerne ekskrement som hunden etterlet seg i bustadstrøk og på offentlege stader.

§ 7.Om dispensasjon

Sandøy kommune kan etter skriftleg søknad i særlege tilfelle dispensere frå bestemmingane i denne forskrifta.

§ 8.Straff

Brot på denne forskrifta er straffbart og kan straffast i tråd med straffebestemmingane i hundelova § 28.

§ 9.Ikrafttreding

Forskrifta trer i kraft frå kunngjeringsdato i Norsk Lovtidend.