Forskrift om frist for spreiing av gjødselsvarer av organisk opphav på eng, Herøy kommune, Møre og Romsdal

DatoFOR-2010-03-25-659
PublisertII 2010 hefte 2
Ikrafttredelse01.05.2010
Sist endret
Endrer
Gjelder forHerøy kommune, Møre og Romsdal
HjemmelFOR-2003-07-04-951-§23, LOV-1995-05-12-23
Kunngjort12.05.2010   kl. 16.00
KorttittelForskrift om frist for gjødselspreiing, Herøy

Heimel: Fastsett av Herøy kommunestyre 25. mars 2010 med heimel i forskrift 4. juli 2003 nr. 951 om gjødselvarer mv. av organisk opphav § 23 tredje ledd, jf. lov 12. mai 1995 nr. 23 om jord (jordlova).

§ 1.Føremål

Føremålet med forskrifta er å fastsetje ein eigen frist for spreiing tilpassa dei lokale tilhøva i kommunen innanfor vilkåra av forskrift 4. juli 2003 nr. 951 om gjødselsvarer mv. av organisk opphav § 23.

§ 2.Virkeområde

Forskrifta gjeld for heile Herøy kommune.

§ 3.Spreietidspunkt

Spreiing av husdyrgjødsel i henhald til denne forskrift er tillate i perioden 15. februar til 1. oktober. Spreiing skal skje i henhald til reglar gitt i forskrift 4. juli 2003 nr. 951 om gjødselsvarer mv. av organisk opphav.

§ 4.Klage

Vedtak gjort av kommunen etter forskrift om gjødselsvarer mv. av organisk opphav kan klagast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

§ 5.Ikrafttredelse

Forskrifta trer i kraft frå 1. mai 2010.