Forskrift om utvida bandtvang for hund, Aurland kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2010-04-08-661
PublisertII 2010 hefte 2
Ikrafttredelse12.05.2010
Sist endret
Endrer
Gjelder forAurland kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-2003-07-04-74
Kunngjort12.05.2010   kl. 16.00
KorttittelForskrift om utvida bandtvang, Aurland

Heimel: Fastsett av Aurland kommunestyre 8. april 2010 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundeloven).

§ 1.Verkeområde og definisjonar

Der ikkje anna går fram av forskrifta, omfattar forskrifta hundehald i heile Aurland kommune. Forskrifta kjem i tillegg til lov av 4. juli 2003 nr. 74, og må sjåast i samanheng med denne.

Etter § 9 i lova gjeld lova og forskrifter gjeve med heimel i lova ikkje for:

a)Hund som vert nytta i reindrift
b)Dressert gjetarhund for vakting/gjeting av bufe
c)Tenestehund i aktiv teneste eller under trening
d)Jakthundar i bruk ved lovleg jakt
f)Ettersøkshundar under trening og lovfesta ettersøk på skadeskutt hjortevilt.

Med bandtvang etter lova meiner ein at hundehaldar skal halde hunden i fysisk band eller forsvarleg inngjerda eller avstengt.

§ 2.Utvida bandtvang av omsyn til husdyr på beite

I tillegg til den ordinære bandtvangstida i lova § 6 frå 1. april til 20. august, vert bandtvangen i Aurland kommune utvida til 1. november i dei områda der husdyr har rett å beite og faktisk beiter.

§ 3.Bandtvang i område av omsyn til menneske

Det er bandtvang i maskinpreparerte løyper i den tida på året dette er aktuelt.

§ 4.Ro orden

Hundehaldar pliktar straks å fjerne ekskrement som hund let etter seg på offentleg stad.

Ekskrement skal deponerast på dertil eigna stad og ikkje kastast i naturen.

Med offentleg stad forstår ein i denne forskrift gate, veg, herunder fortau, sti, park, torg, eller liknande stad, bru, bryggje, kai, strand, anlegg, maskinpreparerte skiløyper eller anna stad der det er allmenn ferdsel eller som er bestemt for allmenn ferdsel.

Hundehaldar må syte for at alminneleg ro og orden vert ivareteke, som at hund skal passast slik at den ikkje uroar nokon med vedvarande gøying eller liknande. Dersom nokon har med seg hund i maskinpreparerte skiløype, skal ikkje denne være til hinder for andre brukare.

§ 5.Område der hundar har ingen eller avgrensa tilgang

Hundar har ikkje tilgang til barnehagar og skuleområde utan avtale. Dette gjeld ikkje førarhund eller hjelpehund.

§ 6.Fullmakt til utviding av forskrifta

Rådmannen har fullmakt til å utvide tidsrommet forskrifta gjeld for, viss det er naudsamt for å verne viltet, til dømes viss det er særs vanskelege snø- og beitetilhøve for reinsdyr (ising).

Utvidinga av båndtvangen må avgrensast til viltet sitt leveområde og skal straks opphøyre når forholda tilseier det.

§ 7.Straff

Brot på denne forskrifta er straffbart og kan straffast etter § 28 i hundelova.

§ 8.Ikrafttredelse

Denne forskrifta trer i kraft så snart den er kunngjort i Norsk Lovtidend.