Forskrift om frist for spreiing av gjødsel av organisk opphav, Leikanger kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2010-04-15-599
PublisertII 2010 hefte 2
Ikrafttredelse15.04.2010
Sist endret
Endrer
Gjelder forLeikanger kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelFOR-2003-07-04-951-§23, LOV-1995-05-12-23
Kunngjort29.04.2010   kl. 14.30
KorttittelForskrift om frist for gjødselspreiing, Leikanger

Heimel: Fastsett av Leikanger kommunestyre 15. april 2010 med heimel i forskrift 4. juli 2003 nr. 951 om gjødselvarer mv. av organisk opphav § 23 tredje ledd, jf. lov 12. mai 1995 nr. 23 om jord (jordlova).

§ 1.Føremål

Føremålet med forskrifta er å fastsetje frist for spreiing av husdyrgjødsel på grasmark utan nedmolding.

§ 2.Verkeområde

Forskrifta gjeld i heile Leikanger kommune.

§ 3.Spreietidspunkt

Siste dato for spreiing av husdyrgjødsel utan nedmolding er 30. september.

§ 4.Ikraftsetjing

Denne forskrifta trer i kraft frå vedtaksdato.