Forskrift om nedsett konsesjonsgrense etter konsesjonslova § 7, Hjartdal kommune, Telemark

DatoFOR-2010-05-07-671
PublisertII 2010 hefte 2
Ikrafttredelse07.05.2010
Sist endret
EndrerFOR-1984-12-21-2197
Gjelder forHjartdal kommune, Telemark
HjemmelLOV-2003-11-28-98-§7, FOR-2003-11-28-1401, FOR-2003-12-08-1479
Kunngjort12.05.2010   kl. 16.00
KorttittelForskrift om nedsett konsesjonsgrense, Hjartdal

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Statens landbruksforvaltning 7. mai 2010 med heimel i lov 28. november 2003 nr. 98 om konsesjon for erverv av fast eiendom (konsesjonsloven) mv. § 7 første ledd, jf. delegeringsvedtak 28. november 2003 nr. 1401 og jf. delegeringsvedtak 8. desember 2003 nr. 1479.

I

Konsesjonsfridomen etter konsesjonslova § 4 første ledd nr. 4 vert sett ut av kraft for Hjartdal kommune for:

-Bebygd eigedom som er eller har vore i bruk som heilårsbustad.

II

Konsesjonsfridomen etter konsesjonslova § 5 første ledd nr. 1 vert sett ut av kraft for Hjartdal kommune for eigedomar som vert omfatta av punkt I i denne forskrifta.

III

Denne forskrifta trer i kraft straks. Frå same dato vert forskrift 21. desember 1984 nr. 2197 etter konsesjonslova, Hjartdal kommune, Telemark oppheva.