Forskrift om nedsett konsesjonsgrense etter konsesjonslova § 7, Dovre kommune, Oppland

DatoFOR-2010-05-07-672
PublisertII 2010 hefte 2
Ikrafttredelse07.05.2010
Sist endret
EndrerFOR-1992-10-15-817
Gjelder forDovre kommune, Oppland
HjemmelLOV-2003-11-28-98-§7, FOR-2003-11-28-1401, FOR-2003-12-08-1479
Kunngjort12.05.2010   kl. 16.00
KorttittelForskrift om nedsett konsesjonsgrense, Dovre

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Statens landbruksforvaltning 7. mai 2010 med heimel i lov 28. november 2003 nr. 98 om konsesjon for erverv av fast eiendom (konsesjonsloven) mv. § 7 første ledd, jf. delegeringsvedtak 28. november 2003 nr. 1401 og jf. delegeringsvedtak 8. desember 2003 nr. 1479.

I

Konsesjonsfridomen etter konsesjonslova § 4 første ledd nr. 2 vert sett ut av kraft for Dovre kommune for ubebygd tomt som er regulert til bustadføremål.

II

Konsesjonsfridomen etter konsesjonslova § 4 første ledd nr. 4 vert sett ut av kraft for Dovre kommune for:

-Bebygd eigedom som er eller har vore i bruk som heilårsbustad
-Eigedom med bebyggelse som ikkje er teke i bruk som heilårsbustad, herunder eigedom med bebyggelse under oppføring, i område som i reguleringsplan etter plan- og bygningslova er regulert til bustadføremål.

III

Denne forskrifta trer i kraft straks. Frå same dato vert forskrift 15. oktober 1992 nr. 817 om konsesjonsplikt for bebygd eiendom, Dovre kommune, Oppland oppheva.