Forskrift om bandtvang, Fitjar kommune, Hordaland

DatoFOR-2010-06-16-912
PublisertII 2010 hefte 3
Ikrafttredelse01.07.2010
Sist endret
Endrer
Gjelder forFitjar kommune, Hordaland
HjemmelLOV-2003-07-04-74-§6, LOV-2003-07-04-74-§11
Kunngjort24.06.2010
KorttittelForskrift om bandtvang, Fitjar

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Fitjar kommunestyre 16. juni 2010 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundeloven) § 6 og § 11.

§ 1.Føremål

Føremålet med forskrifta er å redusere konfliktnivået mellom hundeeigarar og ålmenta, ved å leggje vekt på tryggleik og trivsel for husdyr, vilt og menneske.

§ 2.Virkeområde

Forskrifta gjeld for hundehald i Fitjar kommune.

§ 3.Bandtvang

Ut over normal bandtvangstid, 1. april-20. august, skal hundar haldast i band eller forsvarleg innestengt på følgjande stadar:

a)I tilknyting til bustad- og handleområde.
b)På gravplassar, på og ved skular, barnehagar og anlegg for leik, idrett eller sport.
c)I område der husdyr har rett til å beite og faktisk beitar 21. august-15. oktober.
d)I følgjande tur- og rekreasjonsområde (jf. kart i vedlegg 1)
a.Rossneset
b.Breiavikjo.
§ 4.Unnatak frå bandtvangsreglane

Reglane om bandtvang i § 3 bokstav c) og d) gjeld ikkje for hund brukt til jakt, jakthundtrening og jaktprøvar mellom 20. august og 1. april.

Vidare unnatak for reglane om bandtvang går fram av hundelova § 9.

§ 5.Ekstraordinær bandtvang

Rådmann har delegert mynde til å fastsetje forskrift om ekstraordinær bandtvang, jf. hundelova § 6, 2. ledd, pkt. f).

§ 6.Forsøpling

Hundehaldar pliktar straks å fjerne avføring etter hund på offentleg område. Ved bruk av hundepose skal denne deponerast på eigna stad, og ikkje kastast i naturen.

§ 7.Straff

Brot på forskrifta straffast etter reglane i hundelova § 28.

§ 8.Ikraftsetjing

Denne forskrifta trer i kraft 1. juli 2010. 

Vedlegg 

pdf.gif