Forskrift om forbod mot å overføre levande sau mellom buskapar innanfor Rogaland og mellom buskapar innanfor Aust-Agder

DatoFOR-2010-08-23-1210
PublisertII 2010 hefte 4
Ikrafttredelse23.08.2010
Sist endretFOR-2014-08-25-1112
Endrer
Gjelder forRogaland
HjemmelLOV-2003-12-19-124-§19, FOR-2003-12-19-1790, FOR-2002-06-27-732-§13
Kunngjort26.08.2010   kl. 14.15
KorttittelForskrift om forbod mot å overføre sau, Rogaland og Aust-Agder

Heimel: Fastsett av Mattilsynet 23. august 2010 med heimel i lov 19. desember 2003 nr. 124 om matproduksjon og mattrygghet mv. (matloven) § 19, jf. delegeringsvedtak 19. desember 2003 nr. 1790, jf. forskrift 27. juni 2002 nr. 732 om bekjempelse av dyresjukdommer § 13. Endra med forskrift 25 aug 2014 nr. 1112 (bl.a ny overskrift).

§ 1.Føremål

Føremålet med denne forskrifta er å hindra spreiing av fotrôte hos sau.

§ 2.Sakleg virkeområde

Forskrifta gjeld for sau.

§ 3.Geografisk virkeområde

Forskrifta gjeld for Rogaland fylke med inndeling i fylgjande soner:

a)Sone Nord-Rogaland: Omfattar kommunane Haugesund, Tysvær, Karmøy, Bokn, Utsira, Vindafjord, Sauda og Suldal.
b)Sone Midt-Rogaland: Omfattar kommunane Kvitsøy, Rennesøy, Finnøy, Hjelmeland, Strand, Stavanger, Sandnes, Randaberg, Sola, Forsand, Gjesdal, Time, Klepp og Hå.
c)Sone Sør-Rogaland: Omfattar kommunane Bjerkreim, Eigersund, Lund, Sokndal.

Forskrifta gjeld for Aust-Agder fylke med inndeling i fylgjande soner:

a)Sone Valle: Omfattar Valle kommune.
b)Sone Aust-Agder: Omfattar kommunane Risør, Grimstad, Arendal, Gjerstad, Vegårshei, Tvedestrand, Froland, Lillesand, Birkenes, Åmli, Iveland, Bygland, Bykle og Evje og Hornnes.
0Endra med forskrift 25 aug 2014 nr. 1112.
§ 4.Definisjonar

I denne forskrifta tyder:

a)Fotbading: Vask i såpevann og så fotbading etter tilrådde rutiner med desinfeksjonsmiddel godkjent av Mattilsynet.
b)Karantene: Oppstalling på tørt og drenerande underlag i 1 veke. Det skal vera fotbad inn og ut av karantenen.
c)Sau: Hanndyr og hodyr av arten sau.
d)Vêrlam: Vêr som er under eitt år og som ikkje har vore brukt i avl.
e)Veterinærattest: Eige skjema godkjent av Mattilsynet.
f)Eigenfråsegn: Eige skjema godkjent av Mattilsynet.
§ 5.Overføring av sau

Det er forbode å overføra sau mellom buskapar innanfor Rogaland fylke og mellom buskapar innanfor Aust-Agder fylke.

Forbodet i fyrste leden gjeld ikkje flytting av vêrar i godkjent vêrring der det ikkje har vore utbrot av fotròte dei siste 2 åra, føring til slakt eller overføring av ikkje bandlagde buskapar til etablert fellesbeite.

0Endra med forskrift 25 aug 2014 nr. 1112.
§ 6.Unntak frå forbodet

Så sant ikkje anna går fram av lov eller forskrift, gjeld fylgjande unnatak frå forbodet i § 5:

a)I sone Nord-Rogaland er det tillete å overføra vêrar innanfor sona dersom dei er fotbada, ikkje er tatt inn sau i leverandørbuskapen siste 6 månader og det er utfylt eigenfråsegn om tilfredsstillande helsetilhøve for buskapen på skjema godkjent av Mattilsynet.
b)I sone Midt-Rogaland og i sone Valle er det tillete å overføra vêrar innanfor sona dersom dei er fotbada inn i og ut av ei vekes karantene på tørt underlag, det ikkje er tatt inn sau i leverandørbuskapen siste 6 månader og det er utfylt eigenfråsegn om tilfredsstillande helsetilhøve for buskapen på skjema godkjent av Mattilsynet.

Dersom vêrlam i tillegg har veterinærattest, kan dei også verta overført frå sone Midt-Rogaland til sone Sør-Rogaland, og frå sone Valle til sone Aust-Agder.

c)I sone Sør-Rogaland og i sone Aust-Agder er det tillete å overføra vêrar innanfor sona dersom dei er fotbada, ikkje er tatt inn sau i leverandørbuskapen siste 6 månader og det er utfylt eigenfråsegn om tilfredsstillande helsetilhøve for buskapen på skjema godkjent av Mattilsynet. Dersom vêrane i tillegg står i karantene på tørt underlag i minst ei veke, kan dei også verta overført frå sone Sør-Rogaland til sone Midt-Rogaland, og frå sone Aust-Agder til sone Valle, etter fotbad inn i og ut av karantenen.
d)Vêrringar som ikkje har hatt utbrot av fotròte siste 2 åra, må ved sal av vêrar ut av ringen, oppfylla krava i § 6, b dersom ringen går over fleire soner. Ved sal ut av ring der alle medlemene er i ei sone, gjeld krava som er lista opp for denne sona i § 6, a, § 6, b eller § 6, c.
e)Vêrringar som har hatt utbrot av fotròte siste 2 åra, må gjennomføra fotbad i 5 minutt i samband med flytting av vêr til neste medlem av vêrringen. Ved sal ut av slik ring, må krava i § 6 b) vera oppfylt.

Mattilsynet kan i andre høve etter søknad gje løyve til å gjera unnatak frå forbodet i § 5 dersom det ikkje strir mot Noreg sine internasjonale plikter, under dette EØS-avtalen.

0Endra med forskrift 25 aug 2014 nr. 1112.
§ 7.Dispensasjon

Mattilsynet kan i særskilte høve dispensera frå føresegner i denne forskrifta dersom det ikkje strir mot Noreg sine internasjonale plikter, under dette EØS-avtalen.

§ 8.Straff

Forsettleg eller aktlaust brot på denne forskrifta og vedtak gjeve i medhald av den er straffbart i fylgje lov 19. desember 2003 nr. 124 om matproduksjon og mattrygghet mv. (matloven) § 28.

§ 9.Ikraftsetjing

Denne forskrifta trer i kraft straks.