Forskrift om nedsett konsesjonsgrense etter konsesjonslova § 7, Åseral kommune, Vest-Agder

DatoFOR-2010-11-01-1391
PublisertII 2010 hefte 4
Ikrafttredelse01.11.2010
Sist endret
Endrer
Gjelder forÅseral kommune, Vest-Agder
HjemmelLOV-2003-11-28-98-§7, FOR-2003-11-28-1401, FOR-2003-12-08-1479
Kunngjort04.11.2010   kl. 14.15
KorttittelForskrift om nedsett konsesjonsgrense, Åseral

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Statens landbruksforvaltning 1. november 2010 med heimel i lov 28. november 2003 nr. 98 om konsesjon for erverv av fast eiendom (konsesjonsloven) mv. § 7 første ledd, jf. delegeringsvedtak 28. november 2003 nr. 1401, jf. delegeringsvedtak 8. desember 2003 nr. 1479.

I

Konsesjonsfridomen etter konsesjonslova § 4 første ledd nr. 2 vert sett ut av kraft for Tvinlingknodden bustadfelt i Åseral kommune for ubebygd tomt som er regulert til bustadføremål.

II

Konsesjonsfridomen etter konsesjonslova § 4 første ledd nr. 4 vert sett ut av kraft for Tvinlingknodden bustadfelt i Åseral kommune for:

-Bebygd eigedom som er eller har vore i bruk som heilårsbustad
-Eigedom med bebyggelse som ikkje er teke i bruk som heilårsbustad, herunder eigedom med bebyggelse under oppføring, i områder som i reguleringsplan etter plan- og bygningslova er regulert til bustadføremål.

III

Konsesjonsfridomen etter konsesjonslova § 5 første ledd nr. 1 vert sett ut av kraft for Tvinlingknodden bustadfelt i Åseral kommune for eigedomar som vert omfatta av punkt I og II i denne forskrifta.

IV

Denne forskrifta trer i kraft straks.