Forskrift om spreiing av husdyrgjødsel, Eidfjord kommune, Hordaland

DatoFOR-2010-12-13-1864
PublisertII 2010 hefte 5
Ikrafttredelse01.02.2011
Sist endret
Endrer
Gjelder forEidfjord kommune, Hordaland
HjemmelFOR-2003-07-04-951-§23, LOV-1995-05-12-23-§3, LOV-1995-05-12-23-§18
Kunngjort13.01.2011   kl. 15.30
KorttittelForskrift om spreiing av husdyrgjødsel, Eidfjord

Heimel: Fastsett av Eidfjord kommunestyre 13. desember 2010 med heimel i forskrift 4. juli 2003 nr. 951 om gjødselvarer mv. av organisk opphav § 23, jf. lov 12. mai 1995 nr. 23 om jord (jordlova) § 3 og § 18.

§ 1.Føremål

Formålet med kommunal gjødselforskrift, er å tilpassa lokal praksis og vilkår for spreiing av husdyrgjødsel og silopressaft med vidare, til skiftande ver- og veksttilhøve, slik at intensjonane i nasjonal husdyrgjødselforskrift og vern mot avrenning og forureining av vatn og grunn vert oppnådd.

§ 2.Verkeområde

Forskrifta omhandlar alt jordbruksareal i Eidfjord kommune. 

Kommunen er delt i to soner:

Sone 1 er alt jordbruksareal i låglandet

Sone 2 er jordbruksareal i fjellet, i hovudsak i Sysendalen og i Isdalen.

§ 3.Spreietidspunkt

I sone 1 kan ein spreie husdyrgjødsel og silopressaft i vekstsesongen frå tidlegast 15. februar og fram til og med 30. september.

I sone 2, i Sysendalen og Isdal, kan ein spreie husdyrgjødsel i vekstsesongen tidlegast 1. mai og fram til og med 10. september.

Ved lagring, uttransport og spreiing, skal det utvisast aktsemd overfor vêrtilhøve, avrenningsrisiko og andre brukarinteresser i nærmiljøet, under dette også respekt for helgedagsfreden.

I tida 1. oktober til 1. november, kan spreiing berre skje unntaksvis under spesielle omstende og vêrtilhøve, og etter skriftleg løyve frå kommunen. Som hovudregel vil bli det verta stilt krav om nedmolding av husdyrgjødsel ved spreiing etter 1. oktober.

Tilsvarande, kan spreiing i sone 2, berre skje etter godkjenning av kommunen, i tida 10. september til 15. oktober. Som hovudregel vil bli det verta stilt krav om nedmolding av husdyrgjødsel ved spreiing etter 10. september.

§ 4.Delegering

Rådmannen vert delegert mynde til å gjera vedtak knytt til denne forskrifta.

§ 5.Klage

Vedtak gjort av kommunen, etter forskrift om gjødselvarer mv. av organisk opphav, kan påklagas til fylkesmannen.

§ 6.Ikraftsetjing

Denne forskrifta trer i kraft frå 1. februar 2011.