Forskrift om nedsett konsesjonsgrense etter konsesjonslova § 7, Ål kommune, Buskerud

DatoFOR-2011-02-07-120
PublisertII 2011 hefte 1
Ikrafttredelse07.02.2011
Sist endret
EndrerFOR-1984-10-12-1814
Gjelder forÅl kommune, Buskerud
HjemmelLOV-2003-11-28-98-§7, FOR-2003-11-28-1401, FOR-2003-12-08-1479
Kunngjort10.02.2011   kl. 14.25
KorttittelForskrift om nedsett konsesjonsgrense, Ål

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Statens landbruksforvaltning 7. februar 2011 med heimel i lov 28. november 2003 nr. 98 om konsesjon for erverv av fast eiendom (konsesjonsloven) mv. § 7 første ledd, jf. delegeringsvedtak 28. november 2003 nr. 1401, jf. delegeringsvedtak 8. desember 2003 nr. 1479.

I

Konsesjonsfridomen etter konsesjonslova § 4 første ledd nr. 2 vert sett ut av kraft for Ål kommune for ubebygd tomt som er regulert til bustadføremål.

II

Konsesjonsfridomen etter konsesjonslova § 4 første ledd nr. 4 vert sett ut av kraft for Ål kommune for:

-Bebygd eigedom som er eller har vore i bruk som heilårsbustad
-Eigedom med bebyggelse som ikkje er teke i bruk som heilårsbustad, herunder eigedom med bebyggelse under oppføring, i områder som i reguleringsplan etter plan- og bygningslova er regulert til bustadføremål.

III

Konsesjonsfridomen etter konsesjonslova § 5 første ledd nr. 1 vert sett ut av kraft for Ål kommune for eigedomar som vert omfatta av punkt I og II i denne forskrifta.

IV

Denne forskrifta trer i kraft straks. Frå same dato vert forskrift 12. oktober 1984 nr. 1814 etter konsesjonsloven § 5 tredje leden, Ål kommune, Buskerud oppheva.