Forskrift om bandtvang for hundar, Leikanger kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2011-03-03-273
PublisertII 2011 hefte 2
Ikrafttredelse03.03.2011
Sist endret
Endrer
Gjelder forLeikanger kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-2003-07-04-74-§6
Kunngjort17.03.2011   kl. 15.35
KorttittelForskrift om bandtvang for hundar, Leikanger

Heimel: Fastsett av Leikanger kommunestyre 3. mars 2011 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundeloven) § 6 annet ledd.

§ 1.Eigar eller innehavar av hund i heile Leikanger kommune skal halda hunden i band eller forsvarleg innestengd i heile beiteperioden for bufe frå 1. april til 1. november.
§ 2.Bandtvang gjeld ikkje for:
a)dresserte gjetarhundar i arbeid
b)tenestehund i arbeid, under lovleg trening eller prøving
c)hund nytta i ettersøk etter såra eller sjukt vilt
d)jakthundar som vert nytta under lovleg jakt, under lovleg trening eller prøving og som blir følgt av eigar eller innehavar og som har godkjent sauereinheitsbevis
e)hund som vert nytta til lovleg uttak av rovvilt
f)organisert trening av brukshundar.
§ 3.I Leikanger kommune har ikkje hundar tilgang til barnehagebygningar, skular og kyrkjer. Hundar har heller ikkje adgang til kyrkjegardar. Det er unntak for førarhund og tenestehundar i arbeid eller trening.
§ 4.Eigar eller den som har ansvaret for hund pliktar å fjerne ekskrement som hunden etterlet seg i bustadområde, gangveg, idrettsanlegg og friområde tilrettelagt for ålmenta.
§ 5.Mynde til å utforma hasteforskrift for innføring av ekstraordinær bandtvang er delegert til rådmannen. Når ekstraordinær bandtvang vert innført, er det ikkje høve til unntak frå sikringsregelen, jakthundtrening eller jaktprøver.
§ 6.Brot på denne forskrifta er straffbart.
§ 7.Forskrifta trer i kraft straks.