Forskrift om nedsett konsesjonsgrense etter konsesjonslova § 7, Forsand kommune, Rogaland

DatoFOR-2011-03-18-313
PublisertII 2011 hefte 2
Ikrafttredelse18.03.2011
Sist endret
EndrerFOR-1999-09-14-1034
Gjelder forForsand kommune, Rogaland
HjemmelLOV-2003-11-28-98-§7, FOR-2003-11-28-1401, FOR-2003-12-08-1479
Kunngjort24.03.2011
KorttittelForskrift om nedsett konsesjonsgrense, Forsand

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Statens landbruksforvaltning 18. mars 2011 med heimel i lov 28. november 2003 nr. 98 om konsesjon for erverv av fast eiendom (konsesjonsloven) mv. § 7 første ledd, jf. delegeringsvedtak 28. november 2003 nr. 1401, jf. delegeringsvedtak 8. desember 2003 nr. 1479.

I

Konsesjonsfridomen etter konsesjonslova § 4 første ledd nr. 2 vert sett ut av kraft for Forsand kommune, unntatt områda rundt Lysefjorden som ikkje har heilårs bilveg, for ubebygd tomt som er regulert til bustadføremål.

II

Konsesjonsfridomen etter konsesjonslova § 4 første ledd nr. 4 vert sett ut av kraft for Forsand kommune, unntatt områda rundt Lysefjorden som ikkje har heilårs bilveg, for:

-Bebygd eigedom som er eller har vore i bruk som heilårsbustad
-Eigedom med bebyggelse som ikkje er teke i bruk som heilårsbustad, herunder eigedom med bebyggelse under oppføring, i områder som i reguleringsplan etter plan- og bygningslova er regulert til bustadføremål.

III

Denne forskrifta trer i kraft straks. Frå same dato vert forskrift 14. september 1999 nr. 1034 om konsesjonsplikt for bygd eigedom, Forsand kommune, Rogaland oppheva.