Forskrift om bandtvang for hund, Hå kommune, Rogaland

DatoFOR-2011-09-01-910
PublisertII 2011 hefte 4
Ikrafttredelse01.10.2011
Sist endret
Endrer
Gjelder forHå kommune, Rogaland
HjemmelLOV-2003-07-04-74-§6
Kunngjort08.09.2011   kl. 15.20
KorttittelForskrift om bandtvang for hund, Hå

Heimel: Fastsett av Hå kommunestyre 1. september 2011 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundeloven) § 6 andre ledd bokstav a, b, c og e, § 9 og § 11.

§ 1.Føremål

Hå kommune ønskjer gjennom denne forskrifta å fremja eit positiv og ansvarleg hundehald som tek i vare omsyn til tryggleik og alminneleg ro og orden.

§ 2.Verkeområde

Denne forskrift omfattar utvida reglar om bandtvang, og kjem i tillegg til føresegn om hundehald gitt i hundelova 4. juli 2003 nr. 74.

Med bandtvang meinast i forskrifta at hundehaldar skal halda hunden i band, eller forsvarleg inngjerda eller innestengt.

§ 3.Allmenn bandtvang

I tida mellom 1. april t.o.m. 20. august er det i følgje hundelova § 6 første ledd bandtvang i heile Hå kommune.

§ 4.Utvida bandtvang av omsyn til husdyr på beite

Av omsyn til husdyr som beiter, er det bandtvang i heile kommunen i tida 1. april til 31. oktober.

I områder der husdyr beiter heile året, er det bandtvang heile året.

§ 5.Lokale vedtekter om bandtvang mv.

Hund skal haldast i band heile året:

a)i og i tilknyting til bustadområde og handleområde
b)i parkar, på og ved skular, ved anlegg for leik, idrett eller rekreasjon
c)i områder der husdyr beiter heile året
d)i Jærstrendene landskapsvernområde, i Synesvarden landskapsvernområdet og Rabali plantevernområde
e)i verneområdene Søylandsvatnet og Bjårvatn.
§ 6.Stader der hundar ikkje har tilgang:

Hundar har ikkje tilgang til barnehagar og kyrkjegardar. Unntak frå forbodet gjeld dersom hund er del av undervisninga i regi av gjeldande barnehage. Unntak gjeld også for førarhund og servicehund for funksjonshemma.

§ 7.Tal på hundar i eit hushald eller på ein eigedom/tomt

Ein husstand kan halda meir enn tre vaksne hundar i sitt hushald eller på ein eigedom/tomt på følgjande vilkår:

a)eigedomen er over 1,5 dekar stort.
b)det arealet hundane brukar på eigedomen skal vera gjerda inne med minimum 1,5 m høgt gjerde og gjerdet må stå minimum 4 m frå eigedomsgrense mot nabo og offentleg veg og minimum 50 m frå barnehage, skule eller eldresenter.
c)Eigedomen må ha lukka og luktfri behaldar for deponering av hundeavføring eller annan ordning som hindrar sjenerande ekskrementlukt frå eigedomen.
§ 8.Unntak frå bandtvang

Forskrifta gjeld alle hundar med unntak av:

a)Førarhund/servicehund for funksjonshemma.
b)Organisert trening av jakt- eller brukshundar.
c)Hundar nemnt i unntaksføresegna i hundelovas § 9.
§ 9.Forsøpling

Hundehaldarar pliktar å fjerne avføring som sin hund legg igjen på offentleg stad.

§ 10.Straff

Brot på denne forskrifta er straffbart og kan straffast i samsvar med føresegna i hundelova § 28.

§ 11.Dispensasjon

Kommunen kan etter skriftleg grunngjeven søknad dispensera frå føresegna i § 5, § 6 og § 7.

§ 12.Iverksetjing

Denne føresegna tek til å gjelde frå 1. oktober 2011.