Forskrift om utvida bandtvang for hund, Sykkylven kommune, Møre og Romsdal

DatoFOR-2011-10-24-1226
PublisertII 2011 hefte 5
Ikrafttredelse24.10.2011
Sist endret
Endrer
Gjelder forSykkylven kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-2003-07-04-74-§6
Kunngjort15.12.2011   kl. 14.40
KorttittelForskrift om utvida bandtvang for hund, Sykkylven

Heimel: Fastsett av Sykkylven kommunestyre 24. oktober 2011 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundeloven) § 6. 

I Sykkylven kommune gjeld utvida bandtvang i perioden frå og med 1. april til og med 30. september.

For følgjande område gjeld alminneleg bandtvang frå 1. april til og med 20. august:

1.Området frå Stavekollen til Svartebekk avgrensa i syd til Stavekollen, Kalddalen og Flatehornet (N), i vest av gamle Sykkylvsbru, i aust av Sykkylvsfjorden og i nord av Storfjorden, då det ikkje er beitande bufe i området.
2.Turstien frå Aursnes til Rundesteinvika, samt turområdet ved Kurseth, Myrseth og Hovdeåsen på nordsida av fylkesvegen, då det ikkje er beitande bufe i dei angjevne områda.

For følgjande område gjeld bandtvang heile året: for oppkøyrde løyper rundt Nysætervatnet, i parkar, på kyrkjegardar, på og ved skular, barnehagar og anlegg for leik, idrott, sport eller rekreasjon, jf. hundelova § 6, 2. ledd bokstav b). Rekreasjonsområde vert definert til Haugneset friområde, Aursneset friområde og badeplassen ved Andestad.

Unntak frå bandtvang går fram av § 9 i hundelova. Dette gjeld m.a.:

-dressert hund brukt til gjeting
-hund i aktiv politi-, militær- og redningshundteneste eller under trening eller prøving for slik teneste
-hund i aktiv bruk som ettersøkshund etter såra vilt
-hund brukt til jakt, jakthundtrening og jaktprøving.

Forskrifta trer i kraft straks.