Forskrift om nedsett konsesjonsgrense etter konsesjonslova § 7, Bykle kommune, Aust-Agder

DatoFOR-2012-07-03-672
PublisertII 2012 hefte 3
Ikrafttredelse03.07.2012
Sist endret
EndrerFOR-2004-05-14-770
Gjelder forBykle kommune, Aust-Agder
HjemmelLOV-2003-11-28-98-§7, FOR-2003-11-28-1401, FOR-2003-12-08-1479-§6
Kunngjort05.07.2012   kl. 15.50
KorttittelForskrift om nedsett konsesjonsgrense, Bykle

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Statens landbruksforvaltning 3. juli 2012 med heimel i lov 28. november 2003 nr. 98 om konsesjon for erverv av fast eiendom (konsesjonsloven) mv. § 7 første ledd, jf. delegeringsvedtak 28. november 2003 nr. 1401, jf. overføringsvedtak 8. desember 2003 nr. 1479 § 6.

I

Konsesjonsfridomen etter konsesjonslova § 4 første ledd nr. 4 vert sett ut av kraft for følgjande område i Bykle kommune:

1.Bykle sentrum stadfesta reguleringsplan av 27. april 1995:
a)Øvre Sarv bustadfelt godkjent 10. februar 1977 nemnt A14 og A15
b)Nedre Sarv bustadfelt (godkjent reguleringsplan) nemnt A9 og A10
c)Bjårlii bustadfelt (omfattar også Myri og Kyrkjelii) godkjent 7. mars 1984 nemnt A4, A5, A6 og A7.
d)Bykle sentrum godkjent 20. mai 1997, nemnt A13
e)Kviforbakkane bustadfelt godkjent 7. oktober 1980 nemnt A16
f)Tussefjødd bustadfelt godkjent 19. april 2010.
2.Hovden sentrum stadfesta reguleringsplan av 10. september 1997 for Hovden del II:
a)Stussli I bustadfelt (godkjent reguleringsplan) nemnt A2
b)Stussli II bustadfelt (godkjent reguleringsplan) nemnt A2
c)Stussli II utviding godkjent 15. juni 1989 nemnt A2
d)Austmannlii bustadfelt godkjent 27. oktober 1994 nemnt A1
e)Kvennebekken bustadfelt godkjent 26. august 2002 nemnt A9
f)Røyrvikåsen bustadfelt godkjent 6. september 1999 nemnt A3. 

for:

-Bebygd eigedom som er eller har vore i bruk som heilårsbustad
-Eigedom med bebyggelse som ikkje er teke i bruk som heilårsbustad, herunder eigedom med bebyggelse under oppføring, i områder som i reguleringsplan etter plan- og bygningslova er regulert til bustadføremål.

II

Denne forskrifta trer i kraft straks. Frå same dato vert forskrift 14. mai 2004 nr. 770 etter konsesjonslova § 7 om nedsett konsesjonsgrense for Bykle kommune, Aust-Agder oppheva.