Forskrift om nedsett konsesjonsgrense etter konsesjonslova § 7, Øystre Slidre kommune, Oppland

DatoFOR-2012-07-03-673
PublisertII 2012 hefte 3
Ikrafttredelse03.07.2012
Sist endret
EndrerFOR-1984-12-14-2088
Gjelder forØystre Slidre kommune, Oppland
HjemmelLOV-2003-11-28-98-§7, FOR-2003-11-28-1401, FOR-2003-12-08-1479-§6
Kunngjort05.07.2012   kl. 15.50
KorttittelForskrift om nedsett konsesjonsgrense, Øystre Slidre

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Statens landbruksforvaltning 3. juli 2012 med heimel i lov 28. november 2003 nr. 98 om konsesjon for erverv av fast eiendom (konsesjonsloven) mv. § 7 første ledd, jf. delegeringsvedtak 28. november 2003 nr. 1401, jf. overføringsvedtak 8. desember 2003 nr. 1479 § 6.

I

Konsesjonsfridomen etter konsesjonslova § 4 første ledd nr. 2 vert sett ut av kraft for den delen av Øystre Slidre kommune som er omfatta av kommunedelplan for Beitostølområdet slik det går fram på plankart vedteke 25. august 2011, for ubygd tomt som er regulert til bustadføremål.

II

Konsesjonsfridomen etter konsesjonslova § 4 første ledd nr. 4 vert sett ut av kraft for den delen av Øystre Slidre kommune som er omfatta av kommunedelplan for Beitostølområdet slik det går fram på plankart vedteke 25. august 2011, for:

-Bebygd eigedom som er eller har vore i bruk som heilårsbustad
-Eigedom med bebyggelse som ikkje er teke i bruk som heilårsbustad, herunder eigedom med bebyggelse under oppføring, i områder som i reguleringsplan etter plan- og bygningslova er regulert til bustadføremål.

III

Konsesjonsfridomen etter konsesjonslova § 5 første ledd nr. 1 vert sett ut av kraft for Øystre Slidre kommune for eigedomar som vert omfatta av punkt I og II i denne forskrifta.

IV

Denne forskrifta trer i kraft straks. Frå same dato vert forskrift 14. desember 1984 nr. 2088 etter konsesjonslova, Øystre Slidre kommune, Oppland, oppheva.