Forskrift om nedsett konsesjonsgrense etter konsesjonslova § 7, Vinje kommune, Telemark

DatoFOR-2013-04-22-401
PublisertII 2013 hefte 2
Ikrafttredelse22.04.2013
Sist endret
EndrerFOR-2007-12-14-1526
Gjelder forVinje kommune, Telemark
HjemmelLOV-2003-11-28-98-§7, FOR-2003-11-28-1401, FOR-2003-12-08-1479-§6
Kunngjort25.04.2013   kl. 14.05
KorttittelForskrift om nedsett konsesjonsgrense, Vinje

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Statens landbruksforvaltning 22. april 2013 med heimel i lov 28. november 2003 nr. 98 om konsesjon ved erverv av fast eiendom (konsesjonsloven) mv. § 7 første ledd, jf. delegeringsvedtak 28. november 2003 nr. 1401, jf. delegeringsvedtak 8. desember 2003 nr. 1479 § 6.

I

Konsesjonsfridomen etter konsesjonslova § 4 første ledd nr. 2 vert sett ut av kraft for Vinje kommune for ubebygd tomt som er regulert til bustadføremål.

II

Konsesjonsfridomen etter konsesjonslova § 4 første ledd nr. 4 vert sett ut av kraft for Vinje kommune for:

-Bebygd eigedom som er eller har vore i bruk som heilårsbustad
-Eigedom med bebyggelse som ikkje er teke i bruk som heilårsbustad, herunder eigedom med bebyggelse under oppføring, i områder som i reguleringsplan etter plan- og bygningslova er regulert til bustadføremål.

III

Denne forskrifta trer i kraft straks. Frå same dato vert forskrift 14. desember 2007 nr. 1526 etter konsesjonslova § 7 om nedsett konsesjonsgrense, Vinje kommune, Telemark oppheva.