Forskrift om bandtvang for hund, Haram kommune, Møre og Romsdal

DatoFOR-2013-06-20-780
PublisertII 2013 hefte 3
Ikrafttredelse20.06.2013
Sist endret
Endrer
Gjelder forHaram kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-2003-07-04-74-§6, LOV-2003-07-04-74-§9, LOV-2003-07-04-74-§11
Kunngjort27.06.2013   kl. 16.10
KorttittelForskrift om bandtvang for hund, Haram

Heimel: Fastsett av Haram kommunestyre 20. juni 2013 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundeloven ) § 6 annet ledd, § 9 og § 11.

§ 1.Bandtvang

I Haram kommune skal hundar ut over den generelle bandtvangen i perioden 1. april til og med 20. august haldast i band eller forsvarleg innestengd eller innegjerda slik det går fram av punkta nedanfor:

-Heile året i og i tilknytning til bustadområde, handleområde, idrettsanlegg, gravplassar og der husdyr beiter på innegjerda område.
-I tida 21. august til 20. september i dei område i kommunen der storfe, sau, geit eller hest beiter.
§ 2.Unntak

Unntak frå bandtvangen i § 1 går fram av hundelova § 9.

§ 3.Naturreservat

I område som etter lokal forskrift er regulert som naturreservat eller fuglefredingsområde er det eigne reglar som går framfor reglane i denne forskrifta.

§ 4.Ro og orden

Eigar eller den som har ansvar for hund pliktar straks å fjerne ekskrement som hunden etterlet seg i bustadområde og på offentleg stad.

§ 5.Opptak av laus hund

Hund som er laus i strid med denne forskrifta kan takast opp i medhald av hundelova § 10.

§ 6.Straff

Hundeeigar som forsettleg eller uaktsomt ikkje held reglane i denne forskrift, vert å straffe etter hundelova § 28.

§ 7.Dispensasjon

Haram kommune kan etter skriftleg søknad i særlege tilfelle dispensere frå reglane i denne forskrifta med unntak av § 5.

§ 8.Ikraftsetjing

Forskrifta trer i kraft straks.