Forskrift om frist for spreiing av gjødselvarer mv. av organisk opphav, Haram kommune, Møre og Romsdal

DatoFOR-2013-06-20-832
PublisertII 2013 hefte 3
Ikrafttredelse01.09.2013
Sist endret
Endrer
Gjelder forHaram kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1995-05-12-23, LOV-1981-03-13-6
Kunngjort04.07.2013   kl. 14.40
KorttittelForskrift om frist for gjødselspreiing, Haram

Heimel: Fastsett av Haram kommunestyre 20. juni 2013 med heimel i lov 12. mai 1995 nr. 23 om jord (jordlova) og lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (Forurensningsloven).

§ 1.Føremål

Forskrift om frist for spreiing av gjødselvarer av organisk opphav på eng i Haram kommune har som føremål å hindre forureining til luft, vatn og vassdrag, gjennom å sikre at gjødsla blir utnytta best mogleg som ein ressurs for planteproduksjon.

Det er vidare eit mål å sikre at gjødsla disponerast slik at omsynet til det biologiske mangfaldet blir ivaretatt.

§ 2.Verkeområde

Denne forskrift gjelder for spreiing av gjødselvarer mv. av organisk opphav, som for eksempel husdyrgjødsel, silopressaft.

Forskrifta gjeld for heile Haram kommune.

§ 3.Definisjonar

Med vassdrag reknast alle elvar, bekkar, innsjøar og anna vassansamling som er vassførande heile året ved normale nedbørsmengder.

§ 4.Spreietidspunkt

Spreiing av gjødselvarer av organisk opphav kan berre utførast i perioden frå 15. februar til 1. november. Det er ikkje lov å spreie gjødselvarer på snødekt eller frose mark.

Spreiing utan nedmolding/nedfelling på eng og anna grøde bør gjerast så tidleg i vekstsesongen at det er mogleg med betydeleg gjenvekst som blir hausta eller beita, og skal gjerast seinast 20. september.

Ved spreiing utan nedmolding/nedfelling på eng og anna grøde i perioden 1.–20. september skal det stå igjen ein sone på minimum 6 meter spreiefri sone frå kanten av alle vassdrag mv. og sjø som ikkje skal gjødslast. Det blir rådd frå å spreie gjødselvarer mv. av organisk opphav på hellande mark mot vassdrag mv. og sjø i perioden 1. til 20. september.

Det er gardbrukaren sitt ansvar å sjå til at gjødselvarer av organisk opphav disponerast slik at det ikkje fører til forureining eller fare for forureining av luft, vatn, vassdrag og sjø.

§ 5.Dispensasjon

I særlege høve kan kommunen gi dispensasjon frå § 4.

§ 6.Forhold til andre lover og føresegner

Krav ut over denne forskrift som er sett i andre lover eller forskrifter må vere oppfylt.

§ 7.Klage

Enkeltvedtak gjort av kommunen etter denne forskrift kan klagast til fylkesmannen. Klagefrist er 3 veker etter mottak av vedtak. Klagen skal sendast via kommunen.

§ 8.Ikraftsetjing

Forskrifta trer i kraft frå 1. september 2013.