Forskrift om nedsett konsesjonsgrense etter konsesjonslova § 7, Kviteseid kommune, Telemark

DatoFOR-2013-09-23-1117
PublisertII 2013 hefte 4
Ikrafttredelse23.09.2013
Sist endret
EndrerFOR-1986-12-05-2276
Gjelder forKviteseid kommune, Telemark
HjemmelLOV-2003-11-28-98-§7, FOR-2003-11-28-1401, FOR-2003-12-08-1479-§6
Kunngjort26.09.2013   kl. 15.20
KorttittelForskrift om nedsett konsesjonsgrense, Kviteseid

Heimel: Fastsett av Statens landbruksforvaltning 23. september 2013 med heimel i lov 28. november 2003 nr. 98 om konsesjon for erverv av fast eiendom (konsesjonsloven) mv. § 7 første ledd, jf. delegeringsvedtak 28. november 2003 nr. 1401 og delegeringsvedtak 8. desember 2003 nr. 1479 § 6.

§ 1.Konsesjonsfridomen etter konsesjonslova § 4 første ledd nr. 2 vert sett ut av kraft for Kviteseid kommune for ubebygd tomt som er regulert til bustadføremål.
§ 2.Konsesjonsfridomen etter konsesjonslova § 4 første ledd nr. 4 vert sett ut av kraft for Kviteseid kommune for:
-Bebygd eigedom som er eller har vore i bruk som heilårsbustad.
-Eigedom med bebyggelse som ikkje er teke i bruk som heilårsbustad, herunder eigedom med bebyggelse under oppføring, i områder som i reguleringsplan etter plan- og bygningslova er regulert til bustadføremål.
§ 3.Denne forskrifta trer i kraft straks. Frå same dato vert forskrift 5. desember 1986 nr. 2276 etter konsesjonslova § 5, Kviteseid kommune, Telemark oppheva.