Forskrift om hundehald, Vinje kommune, Telemark

DatoFOR-2013-10-03-1268
PublisertII 2013 hefte 5
Ikrafttredelse31.10.2013
Sist endret
Endrer
Gjelder forVinje kommune, Telemark
HjemmelLOV-2003-07-04-74-§6, LOV-2003-07-04-74-§11
Kunngjort31.10.2013   kl. 14.50
KorttittelForskrift om hundehald, Vinje

Heimel: Fastsett av Vinje kommunestyre 3. oktober 2013 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundeloven) § 6 og § 11.

§ 1.Virkeområde og definisjon

Denne forskrift omfattar hundehald i Vinje kommune. Forskrifta er eitt supplement til lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundeloven), og må sjåast i samanheng med denne.

Med bandtvang meines at hundehaldar skal halde hunden fysisk i band eller forsvarleg inngjerda eller avstengt.

§ 2.Om bandtvang

Hundar skal haldast i band og under forsvarleg oppsyn:

a)I maskinpreparerte skiløyper. Heile vintersesongen.
b)I utmark der bufe beiter fram til 10. oktober.
c)På inngjerda mark der bufe beiter fram til 1. november.

Unntak er dei tilhøve som er nemnde i hundelova § 9 Unntak frå sikringsregelen.

§ 3.Om ekstraordinær bandtvang

Myndigheit til å utforme forskrift om ekstraordinær bandtvang ligg til rådmannen.

§ 4.Straff

Brot på denne forskrifta kan straffast etter § 28 i hundelova.

§ 5.Verknad frå

Forskrifta trer i kraft frå kunngjeringsdato i Norsk Lovtidend.