Forskrift om spreiing av husdyrgjødsel m.m., Midsund kommune, Møre og Romsdal

DatoFOR-2013-10-03-1729
PublisertII 2014 hefte 1
Ikrafttredelse03.10.2013
Sist endret
Endrer
Gjelder forMidsund kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1995-05-12-23-§3, LOV-1995-05-12-23-§11, FOR-2003-07-04-951-§23
Kunngjort16.01.2014   kl. 15.35
KorttittelForskrift om spreiing av husdyrgjødsel m.m., Midsund

Heimel: Fastsett av Midsund kommunestyre 3. oktober 2013 med heimel i lov 12. mai 1995 nr. 23 om jord (jordlova) § 3 og § 11 første ledd, jf. forskrift 4. juli 2003 nr. 951 om gjødselvarer mv. av organisk opphav § 23 tredje ledd.

§ 1.Føremål

Føresegnene om spreiing av husdyrgjødsel m.m. i Midsund kommune har som føremål å hindre forureining av luft, vatn og vassdrag ved å sikre at gjødsla vert utnytta best mogleg som ressurs for planteproduksjon.

§ 2.Verkeområde

Føresegnene gjeld for spreiing av husdyrgjødsel og silopressaft.

Føresegnene gjeld for heile Midsund kommune.

§ 3.Spreietidspunkt

Spreiing av husdyrgjødsel og silopressaft kan berre utførast i perioden frå 15. februar til 1. november.

Spreiing utan nedmolding/nedfelling på eng og anna grøde bør gjerast så tidleg i vekstsesongen at det gir ein betydeleg gjenvekst som kan haustast eller beitast og skal gjerast innan 15. september.

§ 4.Dispensasjon

I særlege høve kan kommunen gje dispensasjon frå desse føresegnene innafor det mynde som er lagt til kommunen, jamfør dei sentrale føresegnene § 23, tredje ledd.

§ 5.Tilhøvet til andre lover og føresegner

Føresegnene har ikkje innverknad på krav eller påbod som følgjer av andre lover eller føresegner.

§ 6.Klage

Enkeltvedtak med heimel i desse føresegnene kan klagast til Fylkesmannen innan tre veker frå meldinga om vedtaket er motteke. Klagen skal sendast om Midsund kommune.

§ 7.Ikraftsetjing

Føresegnene er gjeldende frå vedtaksdato.