Forskrift om hundehald, Hjelmeland kommune, Rogaland

DatoFOR-2013-12-18-1732
PublisertII 2014 hefte 1
Ikrafttredelse16.01.2014
Sist endret
Endrer
Gjelder forHjelmeland kommune, Rogaland
HjemmelLOV-2003-07-04-74-§6, LOV-2003-07-04-74-§11, LOV-2003-07-04-74-§12
Kunngjort16.01.2014   kl. 15.35
KorttittelForskrift om hundehald, Hjelmeland

Heimel: Fastsett av Hjelmeland kommunestyre 18. desember 2013 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundeloven) § 6, § 11 og § 12.

§ 1.Hjelmeland kommune ønskjer gjennom denne forskrifta å:
-fremja eit positivt og ansvarleg hundehald som tek vare på omsynet til tryggleik, og alminneleg ro og orden.
-redusera konfliktnivået mellom hundehald og ålmenta.
-hindra at hund jagar bufe på beite.
-Verna om vilt og viltet sitt leveområde, spesielt yngling og periodar med ekstraordinære naturforhold.
§ 2.Virkeområde

Forskrifta omfattar utvida reglar for bandtvang, ro og orden, og kjem i tillegg til ordinære føresegner om bandtvang. Forskrifta gjelder for alle som bur eller oppheld seg i kommunen, fast eller midlertidig.

§ 3.Om bandtvang
1.Hunder skal haldast i band og under forsvarlig oppsyn:
a)I utmark og innmark frå 1. april til 20. august (som i hundelova).
b)Når det er organisert trening eller aktivitet i preparerte skiløyper skal hundar ikkje vera til hinder for deltakarane.
2.Hund skal haldast i band heile året:
a)i og i tilknyting til bustadområde.
b)i og i tilknyting til handelsområde.
c)på og i umiddelbar nærleik til skular, barnehagar, leikeplassar og idrettsanlegg.
d)på gravplassar.
e)der husdyr går ute eller har tilhald i opne bygningar på heilårsbasis.
3.Under ekstraordinære forhold, som ekstreme snømengder eller andre forhold der viltet er spesielt sårbart for jagande hundar, kan Hjelmeland kommune med umiddelbar verknad fastsetje bandtvang gjeldande for heile eller for delar av kommunen.

Bandtvang fastsett etter denne føresegna gjeld også for hund som blir brukt under jakt, jakttrening eller jaktprøvar.

Bandtvang fastsett etter denne føresegna, skal opphevast straks når dei ekstraordinære forholda er over.

§ 4.Om reinhald

Eigar eller den som har ansvaret for hund pliktar å fjerna ekskrement som hunden etterlet seg i bustadområde, langs offentleg veg, idrettsanlegg og friområde lagt til rette for ålmenta.

§ 5.Tal hundar i hushaldet

Ved hald av fire eller fleire vaksne hundar på en eigedom eller eit hushald, må ligge- og lufteplassar vera utforma og plassert slik at hundane ikkje blir til unødig sjenanse for naboar.

§ 6.Mynde

Mynde til å vedta hasteforskrift etter lova § 6 andre ledd bokstav f for innføring av ekstraordinær bandtvang er delegert til rådmannen.

Mynde til å vedta forskrift eller gjera vedtak etter lova § 9 første ledd bokstav e for fastsetjing av særskilte område utan bandtvang er delegert til rådmannen.

§ 7.Straff

Straff er regulert i § 28 i hundelova.

§ 8.Ikraftsetjing

Forskrifta trer i kraft frå kunngjøringsdato i Norsk Lovtidend.