Forskrift om frist for spreiing av gjødselvarer av organisk opphav, Tysnes kommune, Hordaland

DatoFOR-2014-06-17-1004
PublisertII 2014 hefte 3
Ikrafttredelse17.06.2014
Sist endret
Endrer
Gjelder forTysnes kommune, Hordaland
HjemmelFOR-2003-07-04-951-§23, LOV-1995-05-12-23
Kunngjort31.07.2014   kl. 16.10
KorttittelForskrift om frist for spreiing av gjødsel, Tysnes

Heimel: Fastsett av Tysnes kommunestyre 17. juni 2014 med heimel i forskrift 4. juli 2003 nr. 951 om gjødselvarer mv. av organisk opphav § 23 og lov 12. mai 1995 nr. 23 om jord (jordlova). 

§ 1.Føremålet med kommunal forskrift om spreiing av husdyrgjødsel, silosaft mv., er å tilpassa spreietidspunkt til lokal praksis og veksttilhøve i regionen. Forskrifta skal sikra at gjødselvarene kan utnyttast best mogleg for planteproduksjon utan at det fører til forureining og er til unødig ulempe for nærområda, jamfør forskrift 4. juli 2003 nr. 951 om gjødselvarer mv. av organisk opphav § 23.
§ 2.Forskrifta gjeld for Tysnes kommune.
§ 3.Landbruksføretak med tilstrekkeleg spreieareal, kan spreie gjødselvarer av organisk opphav utan nedmolding/nedfelling på eng og annan grøde til og med 20. september.

For all spreiing av gjødselvarer av organisk opphav utan nedmolding/nedfelling etter 1. september, kan det maksimalt spreiast 2 m³ daa. Mot alle vassdrag skal det setjast att ei sone på minst 10 meter som ikkje skal gjødslast.

Kommunen kan, på dei vilkår som er nemnt i forskrift 4. juli 2003 nr. 951 om gjødselvarer mv. av organisk opphav, gje løyve til seinare spreiing med enkeltvedtak, men ikkje seinare enn 1. oktober.

§ 4.Forskrifta trer i kraft straks.