Forskrift om spreiing av husdyrgjødsel, Voss kommune, Hordaland

DatoFOR-2014-06-19-1027
PublisertII 2014 hefte 3
Ikrafttredelse19.06.2014
Sist endret
Endrer
Gjelder forVoss kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1995-05-12-23-§3, LOV-1995-05-12-23-§11, FOR-2003-07-04-951-§23
Kunngjort07.08.2014   kl. 15.00
Rettet30.10.2014, skrivefeil i § 1.
KorttittelForskrift om spreiing av husdyrgjødsel, Voss

Heimel: Fastsett av Voss kommunestyre 19. juni 2014 med heimel i lov 12. mai 1995 nr. 23 om jord (jordlova) § 3 og § 11 første ledd, jf. forskrift 4. juli 2003 nr. 951 om gjødselvarer mv. av organisk opphav § 23 tredje ledd.

§ 1.Føremål

Føremålet med kommunal gjødselforskrift er å tilpasse lokal praksis og vilkår for spreiing av husdyrgjødsel og silopressaft med vidare, til skiftande ver- og veksttilhøve, slik at intensjonane i nasjonal husdyrgjødselforskrift og vern mot avrenning og ureining av vatn og grunn vert oppnådd.

§ 2.Verkeområde

Forskrifta omhandlar alt jordbruksareal i Voss kommune.

§ 3.Spreietidspunkt

I perioden frå 1. november til og med 15. februar er det ikkje høve til å spreie gjødselvarer av organisk opphav. Det er ikkje på noko tidspunkt høve til å spreie gjødselvarer av organisk opphav på snødekt eller frosen mark.

Det er tillete å spreia gjødselvarer av organisk opphav i vekstsesongen fram til og med 1. oktober.

I perioden frå siste spreiedato og fram til 1. november kan ein unntaksvis spreie gjødselvarer av organisk opphav under spesielt gode omstende og vertilhøve. Kravet er at gjødsla skal pløyast ned innan 18 timar etter spreiing.

§ 4.Spreiereglar

For all spreiing av gjødselvarer av organisk opphav utan nedmolding/nedfelling på eng, etter 1. september, gjeld at ein maksimalt kan spreie 3 m³ pr. dekar og at ein mot alle vassdrag set att ei sone på minst 10 meter som ikkje vert gjødsla. Ved lagring, uttransport og spreiing, skal det utvisast aktsemd når det gjeld vertilhøve, jordsmonn og flaumrisiko.

§ 5.Delegering

Rådmannen vert delegert mynde til å gjere vedtak knytt til denne forskrifta.

§ 6.Klage

Vedtak gjort av kommunen etter forskrift om gjødselvarer mv. av organisk opphav kan påklagast til fylkesmannen.

§ 7.Ikraftsetting

Denne forskrifta trer i kraft frå vedtaksdato.