Forskrift til lov om hundehald, Gloppen kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2015-03-23-257
PublisertII 2015 hefte 1
Ikrafttredelse23.03.2015
Sist endret
Endrer
Gjelder forGloppen kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-2003-07-04-74-§6
Kunngjort26.03.2015   kl. 15.20
KorttittelForskrift til lov om hundehald, Gloppen

Heimel: Fastsett av Gloppen kommunestyret 23. mars 2015 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundeloven) § 6.

§ 1.Verkeområde og definisjonar

Der ikkje anna går fram av forskrifta, omfattar denne hundehald i heile Gloppen kommune. Forskrifta kjem i tillegg til lov 4. juli 2003 nr. 74, og må sjåast i samanheng med denne.

Med bandtvang etter lova er meint at hundehaldar skal halde hunden i fysisk band eller forsvarleg inngjerda eller avstengt.

§ 2.Utvida bandtvang av omsyn til husdyr på beite

I tillegg til den ordinære bandtvangstida i lova § 6 frå 1. april til 20. august, vert bandtvangen i Gloppen kommune utvida til 15. oktober i dei områda der husdyr har rett til å beite og faktisk beiter.

§ 3.Unntak

Etter § 9 i lova gjeld lova og forskrifter gjeve med heimel i lova ikkje for:

a)Hund som vert nytta i reindrift.
b)Dressert gjetarhund for vakting/gjeting av bufe.
c)Tenestehund i aktiv teneste eller under trening.
d)Jakthundar i bruk under jakt eller trening i perioden mellom 20. august og 1. april.
e)Ettersøkshundar under trening og lovfesta ettersøk på skadeskutt hjortevilt.

Kommunen oppmodar om at jakthundtrening vert rullert på område der det ikkje er beitande husdyr. Jakthundtrening krev løyve frå grunneigar.

§ 4.Straff

Brot på denne forskrifta vert straffa etter reglane i § 28 i hundelova.

§ 5.Iverksetting

Denne forskrifta trer i kraft straks ho er vedteken av kommunestyret i Gloppen.