Forskrift om tilskot til regionale miljøtiltak i jordbruket, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2015-06-03-637
PublisertII 2015 hefte 2
Ikrafttredelse01.07.2015
Sist endret
EndrerFOR-2013-06-07-603
Gjelder forSogn og Fjordane
HjemmelLOV-1995-05-12-23-§18, FOR-2004-12-14-1615
Kunngjort18.06.2015   kl. 14.40
KorttittelRMP-forskrift, Sogn og Fjordane

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane 3. juni 2015 med heimel i lov 12. mai 1995 nr. 23 om jord (jordlova) § 18 og delegeringsvedtak 14. desember 2004 nr. 1615.

Kapittel 1. Innleiande føresegner

§ 1.Føremål

Føremålet med denne forskrifta er å bidra til at kulturlandskapet i Sogn og Fjordane vert halde i hevd og at jordbruket vert drive på ein miljømessig forsvarleg måte.

§ 2.Virkeområde

Forskrifta gjeld for tilskot til miljøtiltak i Sogn og Fjordane fylke.

§ 3.Grunnvilkår

Det kan berre gjevast tilskot til miljøtiltak etter denne forskrifta til:

-Føretak som har rett til produksjonstilskot, jf. forskrift 19. desember 2014 nr 1817 om produksjonstilskot mv. i jordbruket, og/eller
-Beitelag som er godkjent av kommunen og som er registrert i Einingsregisteret, jf. einingsregisterlova 13. juni 1994 nr. 15.

For alle føretak som har jordbruksareal med planteproduksjon og som har rett til produksjonstilskot, er det eit vilkår at føretaket oppfyller krava til gjødslingsplan i forskrift 1. juli 1999 nr. 791 om gjødslingsplanlegging § 3.

Ved bruk av plantevernmidlar er det eit vilkår at føretaket oppfyller krava til føring og oppbevaring av journal i forskrift 6. mai 2015 nr. 455 om plantevernmidlar, § 20 og § 26, og føring av register over plantevernmidlar i same forskrift, artikkel 67.

Kapittel 2. Tilskot til ulike føremål

§ 4.Tilskot til stølsdrift med mjølkeproduksjon

Tilskot kan gjevast for minst 4 veker stølsdrift med mjølkeproduksjon der heile mjølkeproduksjonen på føretaket skjer på stølen i denne perioden. Det kan gjevast ekstra tilskot ved minst 6 vekers stølsdrift.

§ 5.Tilskot til drift av bratt areal

Tilskot kan gjevast til føretak som skjøttar fulldyrka og overflatedyrka jorda med ei helling på 1:5 eller brattare. Det er ein føresetnad at arealet vert slått eller pussa minst ein gong pr. år. Det kan gjevast ekstra støtte til areal med helling på 1:3 eller brattare. Det kan setjast ei øvre grense på total støtte pr føretak. Tilskotet kan avgrensast til føretak der det bratte arealet utgjer ein vesentleg del av det totale slåttearealet.

§ 6.Tilskot til organisert beitebruk

Tilskot kan gjevast til drift av godkjent beitelag som arbeider for felles beitebruk i utmark og redusert beitetap gjennom organisert tilsyn, sanking og andre fellestiltak.

§ 7.Tilskot til skjøtsel med ammegeit og kje

Tilskot kan gjevast for ammegeit og kje som beiter på inngjerda/avgrensa areal i minst 8 veker og der beitinga reduserer attgroinga.

§ 8.Tilskot til bevaringsverdige husdyrrasar

Tilskot kan gjevast for nasjonale, trua bevaringsverdige husdyrrasar som enten har opphav i, eller som har ei spesiell utbreiing av nasjonal verdi i Sogn og Fjordane.

§ 9.Tilskot til beitedyr i verneområde

Tilskot kan gjevast for husdyr som er på beite i minst 8 veker i landskapsvernområde eller nasjonalparkar oppretta med heimel i Naturvernlova der kulturlandskap med beitebruk er eitt av verneføremåla.

§ 10.Tilskot til verdifulle element i kulturlandskapet

Tilskot kan gjevast til føretak som tek vare på og skjøttar verdifulle element i kulturlandskapet.

Det kan gjevast tilskot til følgjande:

1.Automatisk freda kulturminne, avgrensa til maksimalt 10 fornminne pr. føretak
2.Steingardar og bakkemurar
3.Styvingstre.
§ 11.Tilskot til skjøtsel av særleg verdifulle slåtte- og beitemarker

Tilskot kan gjevast til føretak som tek vare på og skjøttar gamle slåtte- og beitemarker som er særleg verdifulle for biologisk mangfald i kulturlandskapet.

Kapittel 3. Generelle føresegner

§ 12.Retningslinjer og satsar

Tilskot vert utbetalt etter utfyllande retningslinjer, satsar, definisjonar mv. fastsett av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

§ 13.Søknad og utbetaling

Det skal søkjast på søknadsskjema som er fastsett av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Søknadsfristen er 20. august. For tilskot til beitelag er søknadsfristen 10. november.

Dersom det er søkt etter søknadsfristen vil utmålt tilskot bli redusert med kr 1000 per virkedag etter utløpet av fristen og opp til 20 virkedagar. Søknader som kjem inn seinare enn 20 virkedagar etter fristen vil ikkje bli handsama. Innvilga tilskot vert utbetalt til det føretaket eller beitelaget som søkte. Tilskot kan ikkje overførast til eige eller pant.

§ 14.Administrasjon, dispensasjon og klage

Kommunen fattar vedtak om tilskot. Etter søknad kan Fylkesmannen i særlege høve gje dispensasjon frå denne forskrifta.

Vedtak fatta av kommunen kan klagast på til Fylkesmannen. Vedtak fatta av Fylkesmannen som førsteinstans kan klagast på til Landbruksdirektoratet.

§ 15.Opplysningsplikt og kontroll

Søkjar er pliktig til å gje alle opplysningar som kommunen, Fylkesmannen og Landbruksdirektoratet finn naudsynt for å kunne forvalte ordninga.

Kommunen, Fylkesmannen og Landbruksdirektoratet kontrollerer at utbetaling av tilskot er rett. Søkjar pliktar å levere ut all bokføring, korrespondanse og dokument som vedkjem tilskotet. Opplysningar som er gitt i samband med søknad om tilskot kan også kontrollerast ved teljing og måling på dei eigedommane som føretaket disponerer i drifta.

§ 16.Avkorting ved regelbrot

Dersom føretaket eller beitelaget aktlaust eller med føresett har drive si verksemd i strid med anna regelverk for jordbruksverksemd, kan heile eller deler av det samla tilskotet bli avkorta.

Tilskotet kan avkortast eller falle bort dersom føretaket ikkje oppfyller, eller berre delvis oppfyller krava som er stilte i § 3, andre og tredje ledd. Av same grunn kan utbetalt tilskot heilt eller delvis bli kravd tilbake, jf. § 18.

§ 17.Avkorting ved feilopplysningar

Dersom føretaket eller beitelaget aktlaust eller med føresett har gitt feil opplysningar i søknaden som har eller kunne gitt grunnlag for urettmessig utbetaling av tilskot til seg sjølv eller andre, kan heile eller deler av det samla tilskotet avkortast. Tilskotet kan også avkortast dersom føretaket eller beitelaget ikkje har halde fristar som kommunen, Fylkesmannen eller Landbruksforvaltninga har sett for å kunne utføre sine kontrolloppgåver i medhald av § 15.

§ 18.Tilbakebetaling og renter mv.

Dersom eit føretak har mottatt ei utbetaling som det ikkje har krav på grunna manglande oppfylling av vilkår i denne forskrifta eller av andre grunnar, kan det feilutbetalte beløpet krevjast betalt tilbake frå mottakar eller motreknast i seinare utbetalingar av tilskot. Det same gjeld differansen mellom utbetalt beløp og redusert tilskot som følgje av vedtak om avkorting etter § 16 og § 17.

For krav om tilbakebetaling kan det krevjast renter når kravet ikkje vert innfridd ved forfall. Ved grov aktløyse eller forsett kan det krevjast renter frå tidspunktet for utbetalinga av det urettmessige tilskotet. Storleiken på renta følgjer rentesatsen fastsett med heimel i lov 17. desember 1976 nr. 100 om renter ved forseinka betaling m.m.

Krav frå offentlege styresmakter, som skriv seg frå føretaket si jordbruksverksemd, kan motreknast i seinare utbetaling av tilskot til føretaket.

§ 19.Iverksetjing

Forskrifta vert sett i verk 1. juli 2015. Frå same tid vert forskrift 7. juni 2013 nr. 603 om tilskot til miljøtiltak for landbruket, Sogn og Fjordane oppheva.