Forskrift om tilskot til regionale miljøtiltak i jordbruket, Møre og Romsdal

DatoFOR-2015-06-19-739
PublisertII 2015 hefte 2
Ikrafttredelse01.07.2015
Sist endret
EndrerFOR-2013-06-12-774
Gjelder forMøre og Romsdal
HjemmelLOV-1995-05-12-23-§18, FOR-2004-12-14-1615
Kunngjort25.06.2015   kl. 16.40
KorttittelForskrift om miljøtilskot, Møre og Romsdal

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Fylkesmannen i Møre og Romsdal 19. juni 2015 med heimel i lov 12. mai 1995 nr. 23 om jord (jordlova) § 18 og delegeringsvedtak 14. desember 2004 nr. 1615.

Kapittel 1. Innleiande føresegner

§ 1.Formål

Formålet med denne forskrifta er å bidra til at jordbruket i Møre og Romsdal blir drive miljøforsvarleg og tek vare på kulturlandskapet.

§ 2.Virkeområde

Forskrifta gjeld for tilskot til miljøtiltak i Møre og Romsdal fylke.

§ 3.Grunnvilkår

Tilskot til miljøtiltak etter denne forskrifta kan berre gjevast

-til føretak som har rett til produksjonstilskot, jf. forskrift 19. desember 2014 nr. 1817 om produksjonstilskot mv. i jordbruket, og/eller,
-etter § 6, til beitelag, som er godkjent av kommunen og som er registrert i Einingsregisteret, jf. enhetsregisterloven 13. juni 1994 nr. 15.

For alle føretak som har jordbruksareal med planteproduksjon og som har rett til produksjonstilskot, er det eit vilkår at føretaket oppfyller krava til gjødslingsplan i forskrift 1. juli 1999 nr. 791 om gjødslingsplanlegging § 3. Gjødselbruken må kunne dokumenterast med notat om skifte gjødsla er spreidd på, spreidd mengde per dekar og spreietidspunkt.

Ved bruk av plantevernmidler er det et vilkår at føretaket oppfyller krava til føring og oppbevaring av journal i forskrift 6. mai 2015 nr. 455 om plantevernmidler, § 20 og § 26, og føring og oppbevaring av register over plantevernmidler i samme forskrift, artikkel 67.

Kapittel II. Tiltaka det kan gjevast tilskot til

§ 4.Tilskot til slått og beiting av lokalt viktige jordbrukslandskap

Tilskot kan gjevast til føretak som driv jordbruksareal innafor nærare avgrensa soner med særleg verdifullt kulturlandskap.

§ 5.Tilskot til skjøtsel av bratt areal

Tilskot kan gjevast til føretak som driv minimum 10 daa fulldyrka eller overflatedyrka jord med ei helling på 1:5 eller brattare. Arealet må haustast ved slått.

§ 6.Tilskot til drift av beitelag

Tilskot kan gjevast til drift av godkjende beitelag som organiserer felles beitebruk i utmark i minimum 5 veker i sommarhalvåret.

§ 7.Tilskot til skjøtsel av slåttemarker

Tilskot kan gjevast til føretak som skjøttar artsrike slåttemarker som er spesielt verdfulle for biologisk mangfald i kulturlandskapet. Det er ein føresetnad at føretaket har inngått og følgjer skjøtselsavtale utarbeidd av Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

§ 8.Tilskot til skjøtsel av kystlynghei

Tilskotet kan gjevast til føretak som held ved like område med kystlynghei. Område det blir gitt tilskot til må vere registrert som kystlynghei i Miljødirektoratet sin Naturbase med verdi A eller B. Søkjaren må inngå skjøtselsavtale med Fylkesmannen i Møre og Romsdal, for å sikre at tilstanden på kystlyngheia blir halden ved like. Dyrehald skal vere i tråd med krava i lov om dyrevelferd 19. juni 2009 nr 97.

§ 9.Tilskot til tilrettelegging av fuglebiotopar

Det kan gjevast tilskot til tilrettelegging av hekkeplassar for utryddingstrua fugleartar, dersom det er inngått avtale med Fylkesmannen i Møre og Romsdal for vedkommande sesong.

§ 10.Tilskot til seterdrift med mjølkeproduksjon

Tilskot kan gjevast til føretak som har heile eller deler av mjølkeproduksjonen på seter i minst 5 veker i sommarhalvåret. Produksjonen må skje innafor kvote, eller i samsvar med forskrift om fritak frå overproduksjonsavgift ved lokal foredling av mjølk1. Det kan gjevast ekstra tilskot til føretak med seter, der råvarene frå setra blir foredla på setra.

1Forskrift 23. desember 2011 nr. 1502 om kvoteordningen for melk.
§ 11.Tilskot til skjøtsel av gravminne

Tilskot kan gjevast til føretak som skjøttar automatisk freda gravminne på innmark. Gravminnet skal vere lagt inn i register godkjent av Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Gravminnet skal ikkje vere sterkt skada eller øydelagt.

§ 12.Tilskot til ingen/utsett jordarbeiding

Tilskot kan gjevast til føretak som utset jordarbeiding av kornareal eller eittårig raigras til våren. Tilskot kan gjevast til område ved særleg utsette vassdrag, når dette er fastsett i tråd med vannforskrifta2.

2Forskrift 15. desember 2006 nr. 1446 om rammer for vannforvaltningen.
§ 13.Spreiing i vår-/vekstsesongen

Det kan gjevast tilskot til føretak som produserer husdyrgjødsel. Tilskotet kan gjevast til areal der føretaket spreier husdyrgjødsel tilsvarande minst 5 kg totalnitrogen per daa. Siste frist for all spreiing av husdyrgjødsel på føretaket er 10. august, og avlinga må haustast etterpå. Bruken av husdyrgjødsel må kunne dokumenterast med notat om skifte gjødsla vart spreidd på, spreidd mengde per dekar og spreietidspunkt, jf. § 3 andre ledd.

§ 14.Tilskot til bruk av tilførselsslangar

Dersom vilkåra i § 13 er oppfylt, kan det gjevast tilskot til føretak som produserer husdyrgjødsel og spreier husdyrgjødsel ved hjelp av tilførselsslangar. Tilskotet kan gjevast til areal der det vert spreidd husdyrgjødsel ved hjelp av tilførselsslangar i staden for tankvogn, tilsvarande minst 5 kg totalnitrogen per daa. Avlinga må haustast etterpå. Bruken av husdyrgjødsel må kunne dokumenterast med notat om skifte gjødsla vart spreidd på, spreidd mengde per dekar og spreietidspunkt, jf. § 3 andre ledd.

Kapittel. III. Generelle føresegner

§ 15.Retningslinjer og satsar

Tilskot kan utbetalast etter utfyllande retningslinjer, satsar, definisjonar mv. fastsett av Fylkesmannen i Møre og Romsdal 

Definisjonar: 

Søknadsskjema: Elektronisk søknad via internett, eventuelt papirskjema generert frå det elektroniske saksbehandlingssystemet. 

Virkedag: måndag–fredag.

§ 16.Søknad og utbetaling

Søknad skal fremjast på søknadsskjema fastsatt av Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Søknadsfristen er 20. august. For tilskot til beitelag er søknadsfristen 1. november.

Dersom søknaden blir motteken etter fristen, vil det tildelte tilskotet bli redusert med 1 000 kroner per virkedag, rekna frå utgått frist og i inntil 20 virkedagar. Søknader som kjem inn seinare enn 20 virkedagar etter fristen, vil ikkje bli behandla. Innvilga tilskot blir utbetalt til det føretaket eller beitelaget som fremja søknaden. Tilskotet kan ikkje overdragast til eige eller pant.

§ 17.Administrasjon, dispensasjon og klage

Vedtak om tilskot blir fatta av kommunen. Fylkesmannen kan etter søknad i særlege tilfelle gje dispensasjon frå føresegnene i denne forskrifta.

Vedtak fatta av kommunen kan klagast1 til Fylkesmannen. Vedtak fatta av Fylkesmannen i første instans kan klagast til Landbruksdirektoratet.

1Jf. lov 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven) kap. VI.
§ 18.Opplysningsplikt og kontroll

Føretak som søkjer tilskot, pliktar å gje alle opplysningar som kommunen, Fylkesmannen og Landbruksdirektoratet finn nødvendig for å kunne forvalte ordninga.

Kommunen, Fylkesmannen og Landbruksdirektoratet kontrollerer at utbetaling av tilskot er riktig. Søkjaren pliktar å utlevere all bokføring, korrespondanse og noteringar som vedkjem tilskotet. Opplysningar gitt i samband med søknad om tilskot kan også kontrollerast ved teljing og måling på dei eigedomar som føretaket nyttar i drifta.

§ 19.Avkorting ved regelverksbrot

Dersom føretaket aktlaust eller forsettleg driv eller har drive verksemda si i strid med anna regelverk for jordbruksverksemd, kan heile eller deler av det samla tilskotet til føretaket bli avkorta.

Tilskotet kan avkortast delvis eller heilt, dersom føretaket ikkje oppfyller, eller berre delvis oppfyller krava stilt i § 3, andre og tredje ledd. Av same grunnar kan utbetalt tilskot delvis eller heilt krevjast attende, jf. § 21.

§ 20.Avkorting ved feilopplysningar

Dersom føretaket aktlaust eller forsettleg har gitt feil opplysningar i søknaden, som har eller ville danna grunnlag for ei urettmessig utbetaling av tilskotet for seg sjølv eller andre, kan heile eller deler av det samla tilskotet som til føretaket avkortast. Tilskotet kan også avkortast dersom føretaket ikkje held dei fristar som kommunen, Fylkesmannen eller Landbruksdirektoratet har sett for å kunne utføre sine kontrolloppgåver etter § 18.

§ 21.Tilbakebetaling og renter mv.

Dersom føretaket som følgje av manglande oppfylling av vilkår i denne forskrifta eller av andre grunner har motteke ei utbetaling som ikkje er berettiga, kan det feilaktig utbetalte beløpet krevjast attende frå mottakaren eller motreknast i seinare tilskotsutbetalingar. Tilsvarande gjeld differansen mellom utbetalt beløp og redusert tilskot som følgje av vedtak om avkorting etter § 19 og § 20.

Det kan krevjast renter for tilbakebetalingskrav, dersom kravet ikkje blir innfridd ved forfall. Ved grov aktløyse eller forsett kan renter krevjast frå tidspunktet for utbetalinga av det urettmessige tilskotet. Storleiken på renta føl rentesatsen fastsett med heimel i lov 17. desember 1976 nr. 100 om renter ved forsinka betaling m.m.

Krav frå offentlig myndigheit som har utgangspunkt i føretaket si jordbruksverksemd, kan motreknast i seinare tilskotsutbetalingar til føretaket.

§ 22.Iverksetjing

Forskrifta trer i kraft 1. juli 2015. Frå same tid blir forskrift 12. juni 2013 nr. 774 oppheva.