Forskrift om hundehald, Balestrand kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2015-12-03-1649
PublisertII 2015 hefte 5
Ikrafttredelse03.12.2015
Sist endret
Endrer
Gjelder forBalestrand kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-2003-07-04-74-§6, LOV-2003-07-04-74-§9, LOV-2003-07-04-74-§11, LOV-2003-07-04-74-§12
Kunngjort23.12.2015   kl. 12.50
KorttittelForskrift om hundehald, Balestrand

Heimel: Fastsett av Balestrand kommunestyre 3. desember 2015 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundeloven), § 6, § 9, § 11 og § 12.

§ 1.Føremål

Føremålet med forskrifta er i bidra til å fremje eit ansvarleg hundehald som ivaretek omsynet til tryggleik, alminneleg ro og orden. Forskrifta skal bidra til å førebyggje konfliktar mellom hundeeigar og ålmenta, hindre skremmande åtferd frå hund og hindre at hund jagar vilt og bufe. I tillegg skal forskrifta gje kommunen betre rettsgrunnlag for å motverke problematisk hundehald.

§ 2.Verkeområde

Forskrifta gjeld for heile Balestrand kommune, for alle som bur eller oppheld seg i kommunen. Forskrifta kjem i tillegg til lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold, og må sjåast i samanheng med denne.

§ 3.Sikring av hund ved bandtvang

Bandtvang definerast som hundehaldar si plikt til å halde hund i band, eller forsvarleg inngjerda eller innestengd.

Det er bandtvang

a)I og i tilknyting til bustadområde og handleområde.
b)I parkar, på kyrkjegardar, på og ved skular, barnehagar og anlegg for leik, idrett, sport og rekreasjon, som offentlege badeplassar og turvegar.
c)I alle merka skiløyper i kommunen i det tidsrom lysløypa brukast. Vert hund medteke, skal den ikkje vere til hinder for andre.
d)I heile kommunen er det i tillegg til den ordinære bandtvangstida (f.o.m. 1. april t.o.m 20. august) utvida bandtvang når bufe normalt går ut, nærare bestemt f.o.m 21. august t.o.m 31. oktober.
e)Under ekstraordinære tilhøve som gjer bandtvang naudsynt for å verne om viltet.
§ 4.Områder der hund har avgrensa adgang
a)Offentlege bygg.
b)Skuleplassar eller barnehagar i deira åpningstid utan etter avtale med den ansvarlege for eigedomen.
§ 5.Unntak

Reglane i § 3 og § 4 i denne forskrift gjeld ikkje hund omfatta av hundelova § 9. Lova gjer unntak for hund i teneste og hund i samband med jakt i bestemt periode.

§ 6.Ro og orden mv.

Hundehaldar må syte for at alminneleg ro og orden vert ivareteke, som at hund skal passast slik at den ikkje uroar nokon med vedvarande gøying eller liknande.

Hundehaldar pliktar straks å fjerne ekskrement som hund let etter seg på offentleg stad. Ekskrement skal deponerast på dertil eigna stad.

Med offentleg stad forstår ein i denne forskrift gate, veg, herunder fortau, sti, park, torg eller liknande stad, bru, bryggje, kai, strand, anlegg eller anna stad der det er allmenn ferdsel eller som er bestemt for allmenn ferdsel.

§ 7.Dispensasjon

Kommunen kan dispensere frå føresegner gitt i denne forskrifta og i lov om hundehold.

§ 8.Sanksjonar og straff

Brot på føresegner i denne forskrift er på visse vilkår straffbart med bøter eller fengsel inntil seks månader, jf. hundelova § 28.

§ 9.Ikraftsetjing

Forskrifta trer i kraft frå vedtaksdato.